Det fortel to svært nøgde festivalsjefar, Ole Jakob Grauphaugen og Pål Torsgård til Dølen.

– Det er ein drøm som nå blir realitet, smiler Ole Jakob Grauphaugen.

For denne veka vart det klart: Dum Dum Boys, norsk rocks kanskje største band gjennom dei siste 30 åra, kjem til Kvamsfjellet og Rondaståk på festivalens fyrste dag i 2016.

– Det er et stort arbeid som ligg bak å få landa denne avtala, og vi har jobba mykje med det over lang tid, fortel Pål Torsgård.

Øvst på ønskelista

Grauphaugen fortel at Dum Dum Boys har stått øvst på ønskelista til festivalen i to år.

– Den fyrste kontakta med managementet tok vi får eit par år sidan. Vi veit at Dum Dum vel ut dei festivalane dei har lyst til å spele på, og da er det tydeleg at dei har trua på oss. Det har nok ryktes i miljøet at det er stas å spele på Rondaståk, seier Grauphaugen.

Han legg til at det også har vore ei viss tautrekking for å lande den økonomiske delen av avtala.

– Det er klart at det må vera leveleg for dei, og forsvarleg for oss. Det har vi klart, og nå er vi stolte og glade over å ha fått dette i hamn, seier festivalsjefen, som ikkje vil ut med prislappen på Dum Dum Boys på Rondaståk.

– Det er kongane av norsk rock som nå kjem til Rondaståk, slår Grauphaugen fast, og legg til: – Vi veit at det er eit band veldig mange av våre publikummarar har ønskt seg også, og det ville vera dumt av oss å ikkje lytte til dei, særleg når det samsvarar så godt med det festivalleiinga ønskjer seg.

Headlinar nummer to

Frå før er det kjent at banda Valentourettes, Byting og Glittertind kjem til festivalen i 2016. Dum Dum Boys toppar plakaten fredag, og festivalleiinga avslører at dei er i sluttforhandlingar med nok eit stort norsk namn om å spele laurdag kveld.

– Kva betyr det for Rondaståk å toppe plakaten med eit slikt namn?

– Vi veit at dei er med på å sikre oss ein utseld festival. Kombinert med fornøgde folk som har opplevd to vellykka festivalar og som er gode ambassadørar for oss, har vi tru på at dei vil det gi oss eit skikkeleg lyft, seier Grauphaugen og Torsgård.

Festivalen foregår på Kvamsfjellet 17. - 19. juni 2016.

Les meir i papirutgåva torsdag.

God grunn til å smile for festivalsjefane Pål Torsgård og Ole Jakob Grauphaugen.