Bak selskapet står åtte personar, i følgje dagleg leiar og kontaktperson Marius Nordby, «heilt vanlege gutar».

– Selskapsnamnet Impuls Eiendom seier vel litt om kjøpet, det gjekk litt på impuls ein fredag, fortel Nordby på telefon til Dølen.

Akuttmottak for å dekkje kostnader

Han stadfester at dei kortsiktige planane går ut på å drive akuttmottak for asylsøkjarar, for å «dekkje kostnader med å setja i stand».

– Kva veit de om krava til å drifte eit asylmottak?

– Det har vi heilt ærleg ikkje sett oss inn i, dette er veldig nytt for oss, vi fekk nyklane førre tysdag, og var oppover onsdag for å sjå, fortel han.

Han er også ukjent med dei relativt store kostnadene det vil innebera å få staden knytt til kommunalt vatn og avløp.

– Det var eg ikkje klar over. Vi har heller ikkje vore i kontakt med kommunen om dette ennå, seier han.

Kanskje arbeidsplassar

I følgje Nordby har dei åtte i selskapet bakgrunn frå sal og kundehandsaming. Impuls Eiendom AS skriv i e-posten at dei jobbar med ein handlingsplan for å få Pyntaberget i teknisk god stand, og at det vil koma til å vera ein del aktivitet der framover.

– Vi har ikkje lagt langsiktige mål ennå, men vi ser for oss at vi skal skape arbeidsplassar, seier Nordby.

Han vedgår at dei ikkje veit veldig mykje om korkje staden eller drift av asylmottak, og at ingen av dei har slik kompetanse.

Den førre eigaren, OTT Eiendom AS, gav opp planane om å drive mottak for mindreårige asylantar, mellom anna på bakgrunn av kostnader med til VA-tilknytning. Det sa dagleg leiar i OTT Eiendom til Dølen i oktober. Det skal også vera naudsynt med ny brannteknisk godkjenning for å få staden godkjent som asylmottak.