Skepsis til innsparingspotensiale ved samanslåing og til korleis ein som storkommune skal få større kraft til folketalsvekst og tilgang på arbeidskraft vart kraftig målbore, utan at svara var heilt avklarande så langt.

Bad om fakta

- Vi blir presentert for teoriar om at tilgang på arbeidskraft og folketal vil auke - da vil eg be om meire fakta. Vi er pålagt å drive kaffesamtaler med naboane våre, men vi må ikkje slå oss saman, seier Øyvind Nordrum, etter at Hans Seierstad som prosessvegleiar  frå Fylkeskommunen orienterte om dei overordna retningslinene frå sentralt hald.

Asbjørn Haverstad ville høyre korleis innsparingar på personalsida, skissert til mellom 7 og 12 millionar kroner, kunne gå føre seg dersom ingen vart oppsagt.

- Dette er tal vi har frå ein rapport utarbeidd av Østlandsforsking, og syner innsparingspotensial på administrativ og politisk styring, seier rådmann Per Lervåg, og la til at heile rapporten vil bli tilgjengeleg i endeleg form dei næraste dagane

Støtte  ved vedtak før sommaren

- Det er nå toget går, kommunane må gjera vedtak om kommunesamanslåing før 1. juli, for å få del i dei økonomiske gulerøttene som er lagt inn frå sentralt hald, heldt Seierstad fram.

Det er da særleg snakk om reformstøtte på fem millionar kroner til kvar kommune i 15 år, i tillegg til ein enkeltsum på 30 millionar til kommunane samla.

På spørsmål om korleis folkerøystinga ville bli vekta, svara både ordførar Arne Fossmo og rådmann Per Lervåg. - Det er klart vi må lytte til folket når det kjem til folkerøystinga, det er dei som har vald oss, og vi kjem til å forhalde oss til det rådet, seier Fossmo.

- Ei folkerøysting i Norge er alltid rådgjevande, men det er kommunestyret som til slutt må ta avgjerda, seier Lervåg.

Prosessen med kommunereform i Midtdalen går vidare med folkemøte i Sør-Fron onsdag og Nord-Fron torsdag. Starten på slutten kjem etter påske - felles intensjonsavtale skal til vedtak i kvar kommune etter dette, som plattform for folkerøystinga 22. mai.