Forresten trur vi at både synet og lyden av Norsk et lite kor er bra for folkehelsa. Slik som det lyste sangglede og humør frå den fargerike gjengen på scena i Inntunet på Vinstra, i ei oppsetning forsterka av yngre krefter frå kulturskulen i Fron, burde dei vore sett opp på blå resept.

Kjente toner

Så er det heller ikkje uvesentleg at våre velkjente svenskar frå Abba, Benny Andersson og Bjørn Ulvaeus står bak musikken som vart framført. Sjølv om NELK har smetta inn nokre nummer frå musikalen om Kristina från Duvemåla, var det meir enn nok av dei velkjente hitane frå både Abba og den meir kjende Chess-musikalen. Når koret og gjestene deira da greier å finne den rette Abba-lyden, er vi nok mange som gjerne skulle sunge med i refrenget.

Mest imponert vart vi av solist Dag Martin Grambo, som framførte Anthem frå Chess. Men også Mona Haugrud, Tone K. Granskogen og Torill Beitdokken bør nemnast. Likevel er det viktig å seie at alle koristane i det vesle koret høyrest godt - her er det ingen som kan koma unna med bom. Dermed kan det greit vera sagt at alle var solistar - og alle besto prøva med glans. Sjølv om Waterloo var med vart det ingen nederlag, men tvert i mot eit rungande Thank You for the Music. Ikkje minst i klappsalvene frå publikum.

Etter konserten og blinkinga frå discokula var over, låg fargerike fjører att - frå ein festkveld av eit folkehelsetiltak med NELK.