BUL-sprint, Ski-NM og hovudlandsrenn. Draumene om store arrangement på Gålå lever vidare, men det trengs utvikling for å få det til. Nå blir snart ei ny brikke pusla på plass i den store planen. Styreleiar i Gålå skianlegg, Ole Tvete Muriteigen, seier tanken om ein smørehall har vore der lenge.

– Når det er arrangement her blir det leigd telt, og det betaler vi ganske mykje på i året, anslagsvis 100 000 – 150 000 kroner, seier Muriteigen til Dølen.

– Vi meiner at ved å få set opp ein slik hall vil vi på sikt spare mykje pengar, og slik sett opne for nokre nye moglegheiter, legg han til.

Han får støtte frå Kjell Rønn, som er hyra inn for å hjelpe skianlegget med byggesøknad og søknadsprosessar.

– Skal Gålå kunne halde fram med å ta i mot store arrangement, må desse fasilitetane vera på plass, seier Rønn.

Fleirbrukshall

Hallen kan også ha fleire brusområde. Reiselivet på Gålå har signalisert ønskje om å bruke hallen, slik at det blir ein type fleirbrukshall som mange kan ha nytte og glede av. Bygget, som fyrst og fremst skal huse skismørar-teama til landets beste skiløparar, blir på om lag 300 kvadratmeter, med støpt golv, treveggar og -tak.

– Det blir eit trehus i Gudbrandsdals-look, forklarar Muriteigen, som ser at ei avklaring med naboar og andre er heilt nødvendig før det store bygget kan førast opp.

– Det er ønskjeleg å få bygget oppført i haust, men det er også eit spørsmål om økonomi seier styreleiaren.

Han anslår at bygget vil koste om lag 1 million kroner.

Vedtok bygging

Nyleg var byggekomiteen for smørehallen på befaring på Gålå for å finne den best egna plassen for oppføring av bygget. Det er tre ulike område i tilknyting til Skistugu som blir vurdert. Same kveld var det generalforsamling i Gålå skianlegg, der bygginga av hallen vart vedtatt som del av strategiplanen fram mot 2019.

Til nå er det gjort investeringar for 9,2 millionar kroner på skianlegget, som er eit samarbeid mellom fem lokale idrettslag, Ruste IL, Vinstra IL, Tormod Skilag, Sør-Fron IL og Harpefoss IL, samt lokalt næringsliv, enkelte privatpersonar og Nord- og Sør-Fron kommunar.

Oppmåling av arealet der hallen er tenkt oppført. Foto: Bjørn Sletten