Tysdag kveld dundrar tungtrafikk og andre bilar gjennom tettstadene i Midtdalen.

Grunnen til at gamle E6 mellom Vinstra og Kvam nok ein gong er hovudfartsåre, er at tunnelane Teigkampentunnelen og Hundorptunnelen er stengt kveld og natt på grunn av vedlikehaldsarbeid, opplyser Vegvesenet.

Teigkampentunnelen skal vera stengt mellom 20.00 og 06.00 frå tysdag 6. juni til søndag, med eit opphald natt til torsdag. Hundorptunnelen vil vera stengt 20.00 til 06.00 fredag til søndag.

Tunnelane var også stengt på grunn av vedlikehaldsarbeid i februar.