Det nye bygget til eigedomsinvestor Per Tore Teksum er i ferd med å reise seg i Lomoen. Både JYSK, Apotek 1 og daglegvarekjeden Spar skal opne butikkar i Lomoen i løpet av hausten.

Det går fram av stillingsutlysingar på internett dei siste dagane. Både JYSK, Spar og Apotek 1 har utlyst fleire stillingar i samband med nyetableringane.

Flytter frå Sødorptunet

Totalt skal det vera snakk om åtte ulike butikkar som fløtt inn i Teksum-bygget seinthaustes i 2016.

Tidlegare har Dølen skrivi om at både Expert og Europris pakkar sekken og fløtt frå Sødorptunet og til Lomoen. Etter det Dølen kjenner til skal byggevarekjeden Montèr gjera det same.

Søndagsopen Bunnpris?

Da gjenstår to butikkar for å fylle Teksum-bygget. Dølen har grunn til å tru at den eine er daglegvarekjeden Bunnpris, som også skal ha søndagsopen avdeling. Regiondirektør John Odden i Bunnpris har førebels ikkje svart på Dølens henvending om saka.

Dølen kjenner til at det også har vore planar om ein sportsbutikk i lokala, men har ikkje lykkast å få dette bekrefta på det nåverande tidspunktet.