Emil Nyeng er i full gang med oppkjøring til en ny sesong. Fjorårets sesong baud på fire World cup-startar, individuell seier i Skandinavisk cup og medfølgjande auka merksemd frå landslagsleiinga.

– Eg er godt nøgd med sesongen. Eg hadde eit mål om å få gå World Cup utanlands, og fekk fire startar, smiler 24-åringen frå Ringebu.

Likevel – heilt nøgd er han ikkje.

– Ein ting er å kome med på World Cup-laget, men eg hadde eit håp om semifinale, innrømmer Nyeng.

– Men eg har fått prøvd meg, eg er der, og eg kan gå like fort som dei beste, men det er litt meir trøkk, dei har meir erfaring og det er så små marginar i sprint. Tek du ikkje sjansen har du tapt, seier Nyeng som seier han er klar for å ta det siste steget opp denne sesongen.

Mykje aleine

Det var ikkje sjølvsagt at Emil Nyeng skulle snuse på landslagsplass i sprint. For Emil tenkte eigentleg aldri å satse på langrenn i yngre dagar.

– Foreldra mine tok meg med på turar på ski. På vidaregåande gjekk eg elektro, og sjølv om eg trena ein del ved sidan av var det ikkje snakk om noko satsing. Men eg hadde det artig på ski.

For er du for seriøs med trening og kosthald i ung alder, lykkast du ikkje, meiner Nyeng.

– Du må berre ha tolmod og ha det artig på vegen. Og så må du rekne med å halde på mykje aleine.

Treningsleir på Sognefjellet er nettopp unnagjort. Nå er det asfalten innover Venabygdsfjellet som er Emil Nyengs treningsrike. Aleine. Innover Venabygdsfjellet ligg framleis enkelte snøfonner ikkje langt frå vegen. Innafor Muen har Nyeng nyleg lagt bak seg ein skitur med ordentlege ski. Nå er det rulleski og asfalt som gjeld. 20 til 25 timar i veka med trening legg ringbyggingen ned.

– Eg har om lag 80 timar i månaden nå i oppkjøringa til sesongen. Det er fyrst og fremst kapasitet eg jobbar med nå, så det blir mange lange og rolege turar. Fram til august er det mengdetrening.

Sprintpotensiale

Men det er ikkje dei lange løpa Emil Nyeng sikter seg inn på.

– Eg kjem til å ta grep for å bli betre i sprint. Det er der eg ser at eg har størst potensiale, seier Nyeng.

Men nålauga er trongt.

– Det er ekstra høgt nivå sprintlandslaget. Da handlar det om å vise jamt bra resultat, seier han.

Sesongopning på Beitostølen og renn på «heimebane» på Gålå i desember blir viktige.

– Hevdar du deg der kan du fort bli å rekne med vidare i sesongen. Så da er det ein fordel å vera i form før jul, seier Nyeng.

Ikkje berre langrenn

Emil Nyeng er ein del av Team Veidekke Innlandet. Det har vore viktig for utviklinga. Men skiløparen har også mykje å takke Ringebu-Fåvang skiklubb for.

– Eg trur ikkje det er så mange som har så god økonomis støtte frå klubben sin. Og så syns eg det er utruleg artig å vera med på fellestreningar og lysløyperenn i Ringebu, seier Nyeng.

Ved eit kafébord på Lundes turisthandel, iført treningsutstyr og bremluve, framstår Nyeng som bunnseriøs, men ikkje opphengt.

– Nei, eg tenkjer ikkje ski 24 timar i døgnet. Eg er glad i å fiske og jakte. Det er avkopling for meg. Og så har eg båt på Flaksjøen, og dit tek eg gjerne med meg fiskestonga, seier Nyeng før han spenner på seg rulleskia og legg i veg innover fjellet med mål om å klatre enda høgare.

Emil Nyeng er klar for å ta enda eit steg mot toppen i langrennssporten. Foto: Bjørn Sletten