Kjetil Jansrud sto på startstreken som nummer 16 søndag, i storslalåmrennet i Sölden.

Til NRK kommenterte han før rennet at den harde løypa nok er sett med litt mange svingar.

- Forhåpentlegvis kan det få farten ned, og gjera det lettare å henge med for oss gamlegutta, gliste han før rennet.

Rennet i Sölden går på bre, og underlaget er veldig hardt. Jansrud var best her av dei norske i fjor, men i år var Henrik Kristoffersen forventa norsk bestemann.

Det vart ein tøff 1.omgang for Jansrud, og det blir litt slagete i henget. Han får ikkje opp farten, og i mål greier Jansrud berre 3.31 sekund etter den beste. Det blir til slutt ei plassering langt ned på lista. Etter omgangen seier Jansrud sjølv at det var røffe forhold, og han håpar å gjera det betre i 2. omgangen.

Dei mange svingane favoriserer dei tekniske alpinistane som spesialiserar seg på slalåm og storslalåm, og gjer det vanskelegare for fartskøyrarar som Jansrud og Svindal. Løypa vart sett med like mange svingar i andre omgang.

Jansrud var veldig aggressiv og tok innpå tida til austerrikske Roland Leitinger i starten, men ein feil midt i det brattaste henget kosta mykje tid, og han kom til slutt på ein 25. plass, over fire sekund etter Ted Ligety frå USA, som vann. Henrik Kristoffersen vart beste nordmann på ein sjetteplass han delte med både Roland Leitinger frå Austerrike og Felix Neureuther frå Tyskland.

Aksel Lund Svindal vart nummer 24, medan Leif Kristian Haugen kom på 28.

I slutten av november skal Jansrud til Lake Louise i USA og forsvare gulla han tok i fjor, både i super-G og utfor.