Med tilskot på 125 000 frå turskiltprosjektet frå Oppland fylkeskommune, går tur- og trimgruppa på for å finne og merke fine turar i nærområdet til sentrum i Ringebu og Fåvang.

Dei har allereie vore på befaring i Øyer, og sett på arbeid som har vore gjort der.

- I fyrste omgang er målet å få til ei rundløype ut frå sentrum på båe plassar, seier Tina Lie, som koordinerer tiltaket frå kommunen si side. Kommunen står som prosjektsøkjar saman med tur- og trimgruppa.

Riktig merking

Løyve frå grunneigarar skal på plass, og deltakarane i prosjektet skal på kurs for å lære seg riktig merking.

- Det er viktig at det blir merka på ein slik måte at også dei som ikkje er kjent veit kor dei skal gå, seier Lie.

Prosjektet har også ein mal å følge, må veta. Merkinga skal vera sams over heile landet, og skal etter kvar plottast inn på elektroniske kart.

Fleire grupper kan bli knytt til prosjektet etterkvart, til dømes må stadsnamn vera rette.

Målet med prosjektet er at folk skal koma seg ut på tur enkelt og trygt der dei bur, eller er på ferie.