Kvart år får ein handfull folk frå heile landet Årets eldsjelpris, som skikrinsane nominerar inn til.

- Dette var vel fortent Bjørnar, etter mange års innsats, og vi set utruleg pris på alt du har gjort for skiidretten i Midt-Gudbrandsdalen og for Gålå Idrettsanlegg, skriv Gålå Idrettsanlegg i gratulasjonen på si facebookside laurdag kveld.

Stort engasjement

Styreleiar i Gålå idrettsanlegg Ole Tvete Muriteigen er med på gratulasjonen og fortel om ein kar som har vore framsynt og engasjert for anlegget gjennom veldig mange år.

- Bakken har betydd veldig mykje for idrettsanlegget, og kan seie at det ikkje hadde vorte slik som det er i ferd med å bli, utan han, seier Muriteigen.

Bakken har vore engasjert i skimiljøet sidan 70-talet, og får i følge Audun Skattebo, medlem av Oppland skikrins, for lang og tru teneste.

- Han har vore med som trenar, smørar, i arrangement og har i det heile tatt ein kjempeinnsats for unge og gamle. Ein skikkeleg motivator som det er artig å jobbe saman med, seier Skattebo.