Det er prosjektet ”Midtdalsbonden inn i framtida” som saman med Sparebank 1 Gudbrandsdal og lokalavisa Dølen står bak prisutdelinga som altså skal finne ein bonde i Midtdalen som har gjort seg fortent til heider og ære. Det er tredje året at prisen blir delt ut. Tidlegare vinnarar er Arnhild og Knut Thujord, Fåvang (2013) og Marte Dypdalen, Sødorp (2014).

– Prisen til Årets midtdalsbonde handlar fyrst og fremst om å skape positiv blest om landbruket i Midtdalen, og trekkje fram dei som lykkast, heiter det i kriteria frå Midtdalsbonden inn i framtida.

Skal spreie optimisme

Prisen består forutan heider og ære i 10 000 blanke kroner samt ein fysisk premie – kanskje til å henge på fjøsveggen?

– Kandidatane kan vera frå heilt tradisjonelle gardsbruk, men ein føresetnad er at dei er positive og trivst med det dei driv med, og dermed kan spreie litt optimisme – ei motvekt mot fokuset på avvikling og dårleg lønnsemd, heiter det vidare.

Mange gode forslag

Folk har vore invitert til å kome med kandidatar, og mange forslag har kome inn til juryen, som har bestått av Erik Odlo frå regionrådet, Johannes Bjørge frå banken, journalist Tone Sidsel Sanden i Dølen og Anne Berit Grasbakken frå primærnæringsutvalet.

Juryen har plukka ut dei tre beste kandidatane, og vinnaren blir kunngjort under Fårikålfestivalen på Ringebu 2. oktober.

Dette er dei nominerte:

Kandidat 1: Wenche Rønningen og Egil Brenden, Sør-Fron

Egil Brenden og Wenche Rønningen driv garden Brenna i Sør-Fron. Saman med ungane Petter (12), Emil (9) og Ola (7) satsar dei stort, på ei framtid i landbruket.

Det synlege beviset står snart klart til innflytting, eit moderne lausdriftsfjos med robot, kostnadsrekna til 6.2 millionar kroner. Dei femten mjølkekyrne dei har, skal supplerast med nesten like mange til, når nyfjoset er klart.

Dei er samde om at satsinga er viktig for framtida til garden.

– Vi må jo satse, elles er det ingen som vil ta over. Men støtta vi har fått frå Innovasjon Norge er ein føresetnad for at det går an, seier dei.

Kandidat 2: Barbro Braastad og Bjørn Sønstevoldhaugen, Fåvang

På Prestangen avlar dei storfe i eliteklassa, og i tillegg til mjølkeproduksjon, smågrisproduksjon og sauehald, gjev det både Barbro Braastad og mannen Bjørn Sønstevoldhaugen arbeid på garden.

Barbro og Bjørn er matprodusentar på heiltid. Garden Prestangen er heimgarden hennar, og her tok dei over i 2002, og har mjølkekyr, gris og sau. Mangfaldig, med andre ord.

– Vi er heldige som har same interessa båe to. Kvardagen blir enklare, trur eg, når ein er to, seier Bjørn.

Dei har 25 mjølkekyr, plass til 18 purker og 40 vinterfora sauar. Sauar og kviger beitar på fjellet om sommaren, nå er alle nede att. Og setra på Gopollen sørgjer for mykje av vinterforet til dyra. Å bli nominert til Årets Midtdalsbonde er dei litt ambivalente til.

– Det hadde nå vore greitt å funne nokon som var yngre enn oss, sikkert, seier Barbro. Kan hende fins det yngre, men når ein tek til å prate om storfe og avlsarbeid, er det ikkje mange som kan matche engasjementet til Braastad.

Kandidat 3: Linn Marie Løkken og Jan Ivar Hagen, Kvikne

Ein kan nok kalle garden Tungen avsides, utan å bruke vrang vilje. Men det er her det foregår, dette er verdas navle, for matprodusentane Linn Marie Løkken og Jan-Ivar Hagen.

Tungen var opphaveleg eit husmannsbruk, der jordvegen låg i bakkane ned mot Vinstraelva. I 1961 kjøpte bestefar til Jan-Ivar garden, og tok til å rydde der det var flatare terreng å dyrke på. Skog vart til jorder, og den bratte vegen ned mot elva og rett opp på andre sida vart erstatta av ein ny langs baksida.

– Det blir ein vane med vegen, sjølv om ein kunne tenkje seg å bu nærare ved somme gonger. Men det er her jorda er, seier Jan-Ivar.

Jan-Ivar og Linn Marie driv med mjølk og kjøtproduksjon.

– Mat må ein ha, uansett. Eg vonar at eit fleirtal av det norske folket ønskjer norsk mat. Nå er det ei altfor lettvinn haldning til at vi berre kan importera alt. Eg meiner vi må produsera mest mogleg sjølv, på alle stader, seier Jan-Ivar.

Fjorårets vinnar, Marthe Dypdalen frå Vinstra. Foto: Bjørn Sletten (arkiv)