Leiar i NMK Midtdalen, Kåre Solbakken, tok laurdag imot sparepengane til NAF Nord-Gudbrandsdalen, av leiar Kari Solberg.

- Eit slik tilskot betyr at vi kan få ut tippemidlar tidlegare, og at vi har kontantar til å dekke utgifter så vi får sett i gang med meir dugnadsarbeid, seier ein godt nøgd leiar.

Det er berre dagar sidan formannskapet i Nord-Fron løyvde pengar til utbygginga, dersom dei andre som har fått søknad legg pengar på bordet.

Viktig for eit felles mål

Kari Solberg er klår på at anlegget og aktivitetene ved anlegget er nok ei grein av arbeidet med trafikktryggleik i Midtdalen, på line med Ung på hjul.

- Dette er også eit alternativ til tull på vegen, og vi ser dei som er med på tiltak som dette, held seg meir i skinnet, seier ho.

Aktiviteten på motorsportanlegget har vore i gang sidan fyrste byggesteget var ferdig i oktober i fjor. Heile vinteren har det vore køyrd på MX-bane - likeeins i dag, i høve overrekinga.

Solberg og Solbakken er glade for samarbeidet, og har eit viktig felles mål; motorsport innanfor trygge rammer.

-  Det er flott når vi har moglegheita til å bidra med vårt overskot, slik at vi kan nå eit felles mål, seier Solberg.

Samle greinene

Mange hadde møtt opp for å køyre i MX-bana laurdag, og han som blir kalla grunnleggaren av motorsportanlegget, delte filosofien bak eit så stort anlegg med Dølen. Gunnar Granberg starta Vinstra Motorklubb på midten av åttitalet, og var i fleire år leiar av Rustmoenbanen. Som ungdomsskulelærar har han også sett betydninga av å ha denne type aktivitet å tilby ungdom.

- Eitt enkelt anlegg for kvar av desse greinene av motorsport, vil ikkje gje nok aktivitet til å halde eit anlegg i gang. Difor er det viktig med fleire greiner ved same anlegget, seier Granberg, som også har motteke trafikkseikkerheitsprisen for Oppland for arbeidet sitt.

Ved Vinstra motorsportanlegg er det planlagt baner for til saman 15 ulike greiner av motorsport. Eitt steg nærare målet, er gåva laurdag. Fyrste etappe er Rallycross, bilcross og crosscart.