I kjellaren heime hos Einar Hamilton i Gammelvegen på Sør-Fron, mellom brune tømmerveggar og tilårskomne steinmurar hjallar tunge rocketrommer og riff.

Wasted, med medlemar frå Ringebu, Vinstra, Sør-Fron og Heidal spelar inn si fyrste plate.

Frå cover til eigne låtar

Bandet har bygd seg opp ei trufast fanskare med sine fengande, dog ganske harde, coverlåtar. Nå er coverlåtane pakka vekk til fordel for eigenkomponerte låtar.

– Vi har vore pøbb-band i ti år. Det er artig å spele coverlåtar også, men det gir ein heilt anna tilfredsstillelse å spele noko ein lagar sjølv. Og så er det givande når alle i bandet er med og bidreg i prosessen. Dette er eit felles prosjekt, seier karane i Wasted.

Sleppfest på byfesten

Fredag 26. august blir det sleppfest for den nye plata på Vinstra, på opningsdagen av årets byfest. På Kolonialen, sjølvsagt. Da er det dei nye låtane – og berre dei som står på settlista.

– Folk blir ofte gira av kjente, tøffe rockeslagarar. Men håpet er jo at dei skal bli like gira av den musikken vi har laga sjølv, seier dei fem karane.

Dette er ein forkorta versjon av artikkelen. Heile saka kan du lese i papirutgåva av Dølen.

I kjellaren heime hos Einar Hamilton i Gammelvegen på Sør-Fron, mellom brune tømmerveggar og tilårskomne steinmurar hjallar tunge rocketrommer og riff. Foto: Bjørn Sletten