Tolv meter over bakkenivå reiser det seg, stolt mot himmelen. Går alt som turistbedriftene Strand fjellstue, Ruten fjellstue og Dalseter Høyfjellshotell ønskjer, skal Elgtårnet bidra til å sette Espedalen ettertrykkeleg på kartet.

– Om det er fullbooka er det ikkje slik at vi tener store pengar på dette, men det er heller ikkje målet – det har heile tida vore å skape noko som kan sette oss på kartet, seier Arthur Bredli.

Fredag 2. september er det offisiell opning av elgtårnet i Espedalen.

Elgland

Verten på Ruten fjellstue trakkar gjennom den skogkledde lia mot Elgtårnet saman med Grethe Gillebo frå Dalseter Høyfjellshotell. Langs den mosegrodde og flotte stien finn ein både spor av gamal fangstkultur i ei elggrav og ferske spor etter skogens konge i form av fotavtrykk og møkk.

Vi er bokstaveleg talt midt i elgland.

– Det starta med eit prosjekt i regi av Oppland fylkeskommune, der «The Moose Highway» var eitt av fire prosjekt som vart starta for å prøve å få til noko verdiskaping i dette området, fortel Bredli og Gillebo.

Prosjekta har munna ut i samleomgrepet Elgland, eit «land» som strekkjer seg frå Kittilbu i Gausdal, via Helvete naturpark, Strand, Dalseter og Ruten og Elgtårnet og til Skåbutunet i Skåbu. Seinare har også Glittersjå fjellgard i Heidal kome til.

Ein stad mellom 1,5 og to millionar kroner kjem tårnet til å koste når det står ferdig. 480 000 av desse er fylkeskommunale midlar, resten er dugnadsinnsats og privat finansiering. Arbeidet med å reise tårnet starta i november 2015.

Tett på naturen

Oppe i tårnet er snikkarane Henning Rønshaugen og Henning Berglund i gang med ei av dei meir kompliserte jobbane dei har gjort – å få på plass vinkla vindaugo i soveavdelinga i tårnet.

– Det er litt annleis enn det vi vanlegvis bygger, innrømmer Henning Rønshaugen.

Saman med snikkarkollegaene Rune Haugen og Henning Berglund frå Skåbu tradisjonsbygg er han med på bygginga av Espedalens utan tvil mest spektakulære byggverk.

Trælsamt eller ei – vindauga gir fantastisk utsyn til naturen utafor. Og når ein kryper til køys er glasveggen sengestokk og gardin mot vêr og vind.

– Ved å vera i tårnet kjem ein veldig tett på naturen. Og dyra let seg ikkje skremme av tårnet. Da får ein på ein måte vera ute, samtidig som ein er innandørs, seier Arthur Bredli, mens han klatrar mot toppen, der toalettet med «Norges finaste utsikt» skal plasserast.

– Elggaranti?

– Nei, det tør eg ikkje forskottere! Tårnet ligg ikkje midt i elgtrekket, men rett i nærleiken, så sannsynlegheita for å få sjå elg er absolutt til stades, seier Bredli.

Eit trekkplaster

For sjølv om utsikt til elg kjem til å bli brukt i marknadsføringa, er bygget i seg sjølv såpass eksostisk og spesielt, at det er eit trekkplaster i seg sjølv. Berre dei siste dagane har mange, både bygdafolk og tilreisande, valfarta til Elgtårnet for å «glåme».

– Alle er utruleg begeistra for dette. Vi håper jo at dette kan gi verdiskaping til Espedalen, Skåbu og Gudbrandsdalen, seier Grethe Gillebo.

– Tenk deg det fyrste brudeparet som kjem inn til naustret nedafor her med kano, og tilbringer bryllaupsnatta her, smiler Bredli.

Og at det er interesse for slik type overnatting er det liten tvil om. Overnatting i tretopphytter er «big business» mellom anna i USA, og i Ringsaker kan bedrifta Tretopphytter AS sjå attende på eventyrleg vekst dei siste åra. Folk vil ha eksotisk overnatting.

– Vi har også opplevd stor interesse for Elgtårnet i lang tid. Det er veldig mange som spør om når det blir mogleg å booke seg inn, og vi har også mottatt konkrete bestillingar, seier Gillebo.

– Kan det bli aktuelt å bygge fleire tårn?

– Vi skal ikkje sjå bort frå det. Dersom dette tårnet blir ein suksess har vi planar om å oppføre fleire, innrømmer Arthur Bredli.

Ligg lågt i terrenget

Vi får sterke signal om at det kan vera at snikkarane da vil ha eit ord med i laget. Vinkla vindauge, mellom anna, er ikkje daglegkost for snikkarane frå Skåbu tradisjonsbygg.

– Det er spesielt, men det er løyle å prøve noko nytt au, seier Berglund. – Og som regel bygger vi ikkje så høgt … legg Berglund til.

Det er ei kraftig underdriving. Det er nok lenge sidan det har vore oppført tolv meters bygg i fjellbygda. På toppen kjenner ein at vinden tek tak.

– Det kan kome til å kome nokre vindkast som ein kjenner når ein er oppe i tårnet, men arkitekten og ingeniørane har forsikra om at tårnet held i vinden, smiler Grethe Gillebo.

– Om du er livredd for høgder, er kanskje ikkje dette overnattinga for deg, legg Bredli smilande til.

Vel nede att på bakken fortel Bredli og Gillebo om at tårnet skal testast grundig før dei fyrste gjestane får flytte inn.

– Vi har ikkje marknadsført det noko ennå, og ligg lågt i terrenget (i motsetnad til tårnet, journ. anm), men det har likevel vorte ein del merksemd. Vi må teste at alt er som det skal vera før vi tek i mot gjestar. Det skal vera ei like bra oppleving for dei fyrste gjestane som for gjest nummer femti, seier Bredli og Gillebo.

Denne saka var fyrst publisert i papirutgåva av Dølen 7. juli 2016. Abonnere på Dølen? Klikk her!

Henning Rønshaugen og Henning Berglund frå Skåbu tradisjonsbygg med eit syns arbeidet med Elgtårnet har vore trælsamt men morosamt. Foto: Bjørn Sletten