Ein profesjonell historieforteljar blir mellom anna å finne laurdag.

- Historiefortelling ute, ein laurdag i desember, er kanskje ikkje så vanleg. Men det trur vi blir bra, seier Rebekka Lindsheim.

Saman med Anne Tromsnes arrangerer ho juletorg i landsbyen. Det er sett opp buss frå Lillehammer, og det er historiefortellar på plass i gågata, plassert ved bålpanna. Og hesteskyss blir det, torghandlarar, julekorkonsert og  - om Yr.no har rett - eit passeleg fåtal kaldegradar.

- Vi likar at det skjer noko, seier Rebekka.

Unge arrangørar

Rebekka Lindsheim (21) og Anne Tromsnes (17) er arrangørar, i samarbeid med marknadsforeninga. Prosjektleiar for Bulyst og landsbyutvikling, Birgitte Bay,  syns det er flott at unge folk står i spissen for det heile.

- Det er akkurat det vi ønskjer å oppnå - eigarskap og arrangementskompetanse og - erfaring til folket! Til fleire vi er, til betre er det, seier ho.

Og styreleiar i marknadsforeninga, Hans Dalberg, seier det same.

- Vi er mange gode krefter som jobbar saman, - og så er det litt dugnad for dei fleste næringsdrivande også, fordi vi brenn for bygda vår, seier Dalberg.

Får att opplevingar

Dalberg seier at dei frå marknadsforeninga si side er dei heilt avhengige av at nokon stiller opp slik som Lindsheim og Tromsnes, og set stor pris på det.

- Vi håpar sjølvsagt det kjem mange, det blir spennande å sjå, men vi kjempar jo om dei same kundane alle stader. Kanskje kan opplevingane attåt vera det som gjer at folk reiser hit, seier han, og røper inspirasjon frå mellom anna Røros.

- Vi gler oss også, og vi får jo og att noko, nemleg opplevinga, seier Anne, som også bidreg til opplevingar sjølv, med gatekonsert på saksofon laurdag.

- Og så får de arrangementskompetanse, som er satsingsområde for Midtdalen, seier Hans Dalberg, som gler seg til ein laurdag der landsbyen nok ein gong skal tøye komfortsona si, ved å prøve noko nytt.

Rebekka Lindsheim og Anne Tromsnes arrangerer juletorg i Ringebu laurdag. Leiar i marknadsforeninga, Hans Dalberg, er veldig glad for at nokon tek initiativ for liv i landsbyen. Foto: Guro Vollen