Det går fram av utgreiinga frå administrasjonen i Sør-Fron kommune, som vart sendt ut til formannskapsmedlemane fredag kveld. Neste veke skal saka om budsjettsprekken opp til politisk behandling.

Varaordføraren reagerte

Nye Lia barnehage stod ferdig i august 2014, etter lang tids taugtrekking og debatt om skule- og barnehagestruktur i Sør-Fron.

I utgangspunktet skulle utbygginga, der Liene oppvekstsenter skulle byggast om til barnehage, koste 7,5 millionar kroner i tillegg til ein sum på vel 100 000 kroner til varmekablar i takrennene. Det vart fort klart at prosjektet ikkje kom til å halde seg innafor rammene, noko mellom andre varaordfører i Sør-Fron, Erik Stenumgaard, har reagert sterkt på.

Uføresette kostnader

Fredag kveld vart altså totalen på byggeprosjektet lagt fram. Den viser ein sluttsum på 10 176 000 kroner - ein budsjettsprekk på 2 676 000 kroner.

Bakgrunnen for sprekken er i følgje administrasjonssjef Jan Reinert Rasmussen ei rekkje uføresette kostnader ein fyrst vart merksam på undervegs i prosessen, og som måtte tas stilling til raskt. Mellom anna gjeld dette nytt vognhus til barnevogner, garasje, asfaltarbeider og varmekablar som ikkje var rekna med i utgangspunktet.

- Alle tiltak er nøye avveid før dei er akseptert, heiter det i saksutgreiinga.

Budsjettsprekken er foreslått dekt inn ved at ein utsett eit byggeprosjekt på Sør-Fron ungdomsskule samt tek opp eit nytt lån på om lag to millionar kroner.