Prosjektplanen for prosessen tek sikte på likelydande vedtak om kommunesamanslåing i dei tre kommunane, i løpet av forsommaren neste år.

To råd frå folket?

Planen vil også bli lagt fram for stadfesting i dei nye kommunestyra i alle tre kommunane.

Det er lagt opp til folkerøysting før endelege vedtak etter at prosjektet er gjennomført og ein står med ein intensjonsplan. Dermed må folkerøysting i alle tre kommunane også skje i god tid før juni neste år.

I Ringebu skal i tillegg resultatet av både sørdalsutgreiinga og  utgreiing om Midtdalen bli lagt til grunn for folkerøystingar. Alternativet med Ringebu, Lillehammer, Øyer og Gausdal er snart i land med ein intensjonsplan, som skal ut til folkerøysting i januar.

Dermed kan det sjå ut som om Ringebu står føre to folkerøystingar på eit halvår.

Krevjande på tid og ressursar

I saksutgreiinga før formannskapshandsaminga i Nord-Fron legg administrasjonssjefen vekt på at deltakinga i arbeidet med kommunereformprosessen er tid- og ressurskrevjande. Han peikar også på at potensielt vanskelege spørsmål som kommunesenter bør avklarast tidleg  prosessen, slik at ein ikkje risikerer å leggje ned mykje arbeid til inga nytte. Rådmannsleiinga meiner vidare det vil vera nyttig å gjennomføre arbeid med konkret faktakunnskap,  men at ein må avgrense kor mykje ressursar som blir lagt inn hjå kommunane, som allereie har naudsynte og krevjande omstillingar av drifta framom seg.

– Det ville overraske dersom nokon av MGD-kommunane er i ein situasjon der det ikkje er krevjande arbeid utover vinteren med å lage robuste budsjett/økonomiplaner, heiter det i saksframstillinga.

Administrasjonssjefen i Nord-Fron legg fram innstillinga med eitt ope punkt for kommunestyret sine innspel, i tillegg til ei innstilling om å godkjenne prosjektplan og at nyvald kommunestyre skal få moglegheit til innspel i sitt fyrste møte.

Har fått midlar

Fylkesmannen har i samband med prosessen løyvd skjønnsmidlar til Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu, i samband utgreiinga av ein kommune i Midtdalen. Både Ringebu og Sør-Fron har tidlegare fått tildelt 300 000 kroner til kommunereformarbeid. Fylkesmannen føreset at minst kr 150 000 av tidligare løyving til Sør-Fron blir brukt inn i prosessen som nå blir sett i gang i Midt-Gudbrandsdal. I tillegg løyver Fylkesmannen kr 400 000 til fellesprosessen.

Pengane blir utbetalt til Nord-Fron kommune, som utforma søknaden for dei tre kommunane. Sør-Fron og Nord-Fron  søkte også om 200 000 kroner til innbyggjarinvolvering. Dei blir ikkje løyvd i denne omgang. Desse midla blir løyvd direkte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, men kan ikkje søkjast om, før det ligg føre ei plan for innbyggjarinvolveringa i prosessen.