Dei har også tidvis utfordringar med kravet som er sett, om å bruke aktivitet før medisinering, fordi tilsette ikkje alltid har tid.

Det kjem fram av svara frå kommunalsjef Sverre Sætre, etter at Dølen stilte spørsmål omkring problemstillingane.

Ikkje priorietert

Vi spurte Sætre om kommunen har oversikt over den samla bruken av medisin mot angst og uro, og om denne har gått opp eller ned, etter oppretting av ny avdeling. (Sjå hovudsak her)

– For å sjå om den samla bruken har auka, må vi gå gjennom journalen til samtlege pasienter på Sundtunet dei siste to åra. Dette er eit omfattende arbeid og ikkje noko vi vil prioritere, svarar Sætre.

– Fins det dokumentasjon på utført miljøtiltak før bruk av all slik medisinering?

– Utfordringene er at det i periodar kan vera krevjande å utføre slike tiltak av tidsmessige årsakar. Dokumentasjon på miljøtiltak fins i varierande grad, skriv Sætre.

– Har Sundtunet Nord og Sør nok bemanning til å utføre miljøtiltak før evt. medisinering?

– Både ja og nei. I ei dementavdeling er det store variasjonar frå dag til dag og i perioder. Enkelte dagar/perioder kan det av tidsmessige årsakar vera krevjande å sikre iverksetting og oppfølging av gode miljøtiltak. På dagar med ro i avdelinga er situasjonen sjølvsagt betre, skriv Sætre.

Dårlegare pasientar

Han seier at pasientane på Sundtunet (og institusjon for øvrig) generelt er dårlegare enn for berre nokre år sidan.

– Pasientane krev meir og tettere oppfølging frå dei tilsette, skriv han.

På Sundtunet er det i dag 20,61 årsverk. På Nord og Sør er det to tilsette per åtte pasientar.

–Dei tilsette kan ved behov, når dette er mogleg, bidra i ei anna avdeling, seier Sætre, og opplyser at det ikkje fins normkrav med omsyn til bemanningsfaktor.

Dei tilsette tilrår ein tilsett per tre pasientar.

– Det er viktig å nemne at talet på tilsette i seg sjølv ikkje er ein kvalitetsindikator aleine for denne tenesta, skriv Sætre.

Han peikar på at styring og leiing av dei ulike avdelingane i kommunen også er avgjerande.

– Pårørande opplever at det er mykje sjukefråvær og vikarbruk. Korleis har sjukefråværet ved avdelingane på Sundtunet utvikla seg etter opprettinga av to nye plassar i ei eigen avdeling?

– Sjukefråværet ved Sundtunet skiller seg ikkje frå andre avdelingar på Sundheim. Det har vore ei positiv utvikling etter at vi oppretta dei to nye plassane på Sundtunet, utan at det dette nødvendigvis har ein samanheng, seier han.

Det er utfordringar knytt til drifta av Sundtunet spesielt, på grunn av svært mange tilsette med mindre stillingar. Ein arbeider for å sjå om det er mogleg å etablere ein langturnus, som kan bidra til større stillingar og færre tilsette. Det går også føre seg eit nattevaktsprosjekt der drift og organisering av heile nattenesta på Sundheim. Prosjektet skal avsluttas hausten 2017.

nord-fron: Har ikkje oversikt over den samla bruken av medisin mot angst og uro hjå demenspasientane, og kom. sjef Sverre Sætre vil heller ikkje prioritere å skaffe det. Foto: Bjørn Sletten /Arkiv Foto: Bjørn Sletten/Arkiv