For den fyrste laurdagen i september er det igjen klart for veteranbilløpet Gudbrandsdalsløpet. Og i år startar løpet med ei heilt spesiell fyrsteetappe.

– Da «tjuvstartar» vi kjøring på ny E6! Fyrste etappa av løpet går nemleg frå rundkjøringa ved nye E6 i Lomoen, langs nyvegen og til Harpefoss, fortel ein engasjert Willy Heimstad frå arrangørklubben Gudbrandsdal motorvognklubb.

Må vere med i kortesjen

Tidlegare år har om lag 100 godt tilårskomne bilar delteke på Gudbrandsdalsløpet, som går gjennom heile Midtdalen.

– I år er det femte gongen vi arrangerer løpet, fortel primus motor Heimstad, som i år håper at fyrsteetappen, som altså går på ny, uopna E6-trasé, skal dra ekstra mange veteranbilar.

– Dei har fått lov til å kjøre frå Lomoen til Harpefoss på den nye E6’en, bekreftar byggeleiar for E6 Frya – Vinstra i Statens vegvesen, Roger Jenshus.

– Det er avklart med entreprenøren at kortesjen med gamle bilar skal få kjøre den strekninga. Men det er berre veteranbilane, seier Jenshus.

– Så eg kan ikkje kaste meg med i min Forrester 2009-modell?

– Nei, da må du nok spørje nokon om å få sitte på, seier Jenshus.

Les meir i papirutgåva av Dølen torsdag 18. august.

På nylagt asfalt ruller kortesjen med gamle biler avstad 3. september, frå Vinstra til Harpefoss. Foto: Bjørn Sletten