Når Dølen dukkar opp med julegleda måndag er det ei overraska Hilde som tek imot.

– Nei nå må eg ut og tørke tårene, unnskylder ho seg, før ho er attende, like blid.

– Dette var kjempetriveleg, seier ho.

På jobb og heime

Anten det er på jobb, der ho styrer Cirkle K-stasjonen på Sør-Fron, eller heime, stiller ho opp og set andre før seg sjølv, heiter det i eposten Dølen mottok før helga.

Familien eig både stasjonen på Sør-Fron og Strandtorget, og mor sjøl trør til båe plassar.

– Det er sikkert fleire som har ei mamma som stiller opp heile tida, men eg ønskjer å gje ei slik førjulshelsing for å syne at vi alle set pris på ho, og ikkje tek det som ei sjølvfølge, seier Linda.

Arva veremåte

Saman med broren Thomas og familiane deira er ho mottakar av hjelp både i jobb og heime.

I følge Linda er dette ei dame som står på morgon og kveld, og alltid stiller opp.

– Det har ho gjort heile livet, seier Linda.

Sjølv meiner Hilde ho har arva denne måten å vera på frå mor si.

– Det har nok med at eg likar å ha ein finger med i spelet, og så er det ikkje så mykje eg har bruk for - derfor kan det nok stemme at eg tenkjer på dei andre før meg sjølv, seier den overraska blomstermottakaren.

Hilde er og ein inkluderande sjef, som freistar å legge til rette så alle skal ha det så bra som mogleg, i følge Linda.

– I tillegg til å vera travel med jobben godt utover ein vanleg arbeidsdag, handlar og hjelper ho svigerfaren sin med ymse, ofte har ho middag klar til jentene mine når dei kjem frå skulen, hjelper dei med lekser og alt som trengs, skriv Linda i eposten.

Familiane bur hus i hus, og for ungane er det like naturleg å vera der som heime, og mommo trår også til på planleggingsdagar, ved sjukdom eller berre for hygge med barnebarna, på Lillehammer og i Sør-Fron.

– Eg vil gje mamma ei ekstra førjulshelsing, for å syne at vi alle set pris på ho, og ikkje tek det som ei sjølfølge. Dei som kjenner henne, veit at ho støtt set andre fyrst. Ikkje berre barn og barnebarn, men òg tilsette, kollegaer og vener, seier Linda.