Nord-Fron bonde- og småbrukarlag oppmodar beitelaga i Midt- og Nord-Gudbrandsdal, til å boikotte dialogmøtet for region 3/Oppland på Vinstra den 16. februar.

- Bakgrunnen for denne oppmodinga er Fylkesmannen i Oppland ved Ola Hegge, sin praksis med fleire avslag på skadefellingssøknader sommaren 2016, skriv styret i Nord-Fron bonde- og småbrukarlag, ved leiar Ole Petter Berget i ei pressemelding.

- Blir ikkje høyrt

Dei meiner næringa i realiteten ikkje blir høyrt.

- Dialog er etter vårt syn ein prosess der alle partane skal bli høyrt. Etter vår meining blir ikkje beitenæringa høyrt når det kjem til heilt klare saker som skulle utløyst skadefelling før massedrap av beitedyr er eit faktum, heiter det vidare i pressemeldinga.

- Ei slik forvaltning er ikkje dialogbasert, men overkjørande og udemokratisk. Vil vil også oppfordre dei andre beitelaga i Oppland til å boikotte desse møta, avsluttar Bonde- og småbrukarlaget.