Han er ein av 15 flyktningar kommunen skal busetja i år, og er allereie ute i arbeidspraksis på Brekkebua. Det skjer etter ein ny modell Ringebu kommune har utarbeidd, i samarbeid med Giax, læringssenteret, Nav og Karriere Oppland.

Byter ut tavleundervisning med praksis

Tanken er at arbeidspraksis i kombinasjon med språkopplæring skal gje fordelar både når det gjeld språkleg utbytte og erfaring med norsk arbeidsliv.

– Vi har tidlegare sett at tradisjonell norskopplæring ikkje har fungert. Etter ein idédugnad kopla vi på Giax, og har nå formalisert samarbeidet gjennom ei avtale, seier leiar for NAV Ringebu, Per Morten Nyeng.

Forsøket, som har fått namnet Ringebumodellen, skal i fyrste omgang skal gå ut året, men alle partar er innstilt på å halde fram ut over den perioden.

Mykje mygg

På bruktbutikken Brekkebua, som er ein del av verksemda til Giax, har Bereket konkrete oppgåver og ting å henge nye ord på. Kollega Gry Tone Vole er til hjelp.

– Norsk er litt vanskeleg å lære, vedgår han, men snakkar vidare.

Eritrearen har jobba på Brekkebua sidan vinterferien, og har lært seg litt av kvart både om butikken og Ringebu. Noko av det fyrste han lærte kjem fyrst til nytte når det lir utpå sommaren. – Nokon fortalde meg at det er veldig mykje mygg i Ringebu, ler han. Frå heimlandet har han arbeidserfaring både som målar og røyrleggjar, men utan tilsvarande norske papir har han lagt frå seg det, og jobbar mot eit nytt mål.

– Eg vil bli bussjåfør, seier han.

Ikkje for seg sjølv

Attføringsleiar hjå Giax, Karen Ødegaard Hagen, er oppteken av at flyktningane ikkje blir sett i ei gruppe for seg sjølv. Noko av poenget er å møte det norske samfunnet og folk som snakkar norsk. Så når dei skal lære grunnprinsippa i det norske arbeidslivet, med arbeidstider, stempling og HMS, er det saman med andre norskfødde, som også på ulike vis har utfordringar med å koma inn på arbeidsmarknaden.

– Det viktigaste for ein arbeidsgjevar er ofte arbeidspraksis, og det verste er ofte å få seg den fyrste jobben, seier Per Morten Nyeng.

Det skal Ringebumodellen hjelpe til med. Ei kartlegging av interessene til kvar enkelt gjev eit grunnlag å arbeide vidare med, og om det er slik at vedkommande treng meir utdanning for å koma vidare, er det Karrieresenter Oppland og Lars Nyhus som blir kopla på.

Nyeng  meiner denne modellen er ein betre måte å bruke integreringstilskotet på, enn om ein berre skal ha alle gjennom same norskopplæringsløpet, ofte utan godt nok resultat i enden.

Nye ressursar

Dei tre forstår at det kan vera gruvsamt for arbeidsgjevarar å ta inn folk i språkpraksis dersom dei er usikre på om vedkommande kan greie jobben. Likevel meiner dei det er ei fin moglegheit til å prøve nye arbeidstakarar, og ta i bruk ressursane de nye innbyggjarane kan vera.

– Med dei fødselstala vi ser i Midtdalen og utviklinga i befolkninga er det flyktningane som kan utgjera ein tilflyttingsressurs, seier dei.

Nyeng peikar på at flyktningbusetting har ført til fleire arbeidsplassar i kommunen.

– Bygging av bustader til flyktningar har kommunen vedteke, det gjev også arbeid. Barna til flyktningane fyller plassar på skular og barnehagar, og tryggar arbeidsplassar der, seier han.

Samarbeidspartane i Ringebumodellen ønskjer nå å få lokalt næringsliv på banen.

– Her kan vi gje dei praksis, og også referanse på at ein kan gjera ein jobb og attest frå oss, og så ønskjer vi å få dei ut i praksis i ordinære verksemder, seier Hagen.

– I Norge er det viktigaste å ha arbeid, det gjev ein verdi i seg sjølv – kva jobben er, er ikkje så viktig, men det kan sjå annleis ut frå ein metropol ein annan stad i verda, seier Nyhus.

Praksis nært bustad

Nettverket til Giax ute i bedrifter har allereie gjeve positive attendemeldingar, men dei fleste flyktningane er avhengige av å ha ein jobb innanfor ein radius som kan nås utan eigen bil.

– For oss er det viktig å få kommunisert til bedriftene at vi følgjer opp, når dei tek inn praksiskandidatar, er dei ikkje overlatne til seg sjølve, seier ho.

Det fins også moglegheiter for anna hjelp når nokon er plassert i ordinære bedrifter.

– Det fins også ulike statlege støtteordningar til norskopplæring på arbeidsplassen, seier Nyhus.

I fyrste omgang er det fem deltakarar i programmet, og tre-fire til er på veg inn. Tre dagar i veka er sett av til arbeidspraksis, to dagar i veka kjem lærar frå Læringssenteret til klasserommet ved Giax.

Bereket har som fyrste mål at norsken skal bli god nok til teoriprøva for førarkortet. I mellomtida kan du handle brukt og nytt frå han på Brekkebua.

Per Morten Nyeng, leiar i Nav Ringebu, Karen Ødegaard Hagen, attføringsleiar i Giax, og Lars Nyhus frå Karriere Oppland representerer tre av etatane som nå har formalisert eit samarbeid, med mål om å gje betre norskopplæring og raskare introduksjon til arbeidslivet for busette flyktningar. Foto: Guro Vollen