Dermed kjem kommunen regionale planmyndigheiter i møte. Dei seier nemleg at det skal foretas ei avgrensing av sentrum og kartfesting av ei indre sentrumssone i kommuneplanens arealdel. og at utstrekninga for ei slik sone er maksimalt 800 meter.

– De går for ei både, og-løysing her. Redde for å velje?

– Nei, dette er ikkje den trygge løysinga. Vi kuttar i praksis to tredjedelar av Nedregate pluss ganske store delar av Lomoen. Så det er ikkje noko kompromiss vi har landa på her, seier prosjektleiar for Vinstra 2046, Håkon Hermansson til Dølen.

Litt har likevel styringsgruppa tøgt strikken, og Vegvesenet, fylkeskommune og fylkesmann har valt å ta merknad på at Peer gynt-senteret og Vinstra karosseri er innlemma i det nye sentrumssona. I andre «enden» anbefaler styringsgruppa at streken blir dratt ved muren ved Folkets hus.

Anbefalinga skal så til kommunestyret, og Hermansson føler seg trygg på løysinga dei har landa på.

– Det er den todelte løysinga med Lomoen og delar av Nedregate flest har peikt på, også gjennom dei verkstadsamlingane vi har hatt, seier han.

Da Vinstra var nytt la ein dei viktige funksjonane på båe sider av Laugen nær brua, for at dei skulle væra enkle å nå for alle bygdesamfunna i kommunen.

– Den tanken ønskjer vi nå å ta fram att, seier Hermansson.

– Nå skal vi vekse innover, og gradvis tette dei dauda områda vi har innimellom, seier han.

Utfordring med jernbanen

Ei ny gangbru kan bli løysinga for å få knytt dei to sentrumsdelane skikkeleg saman. Men før det kan bli aktuelt står kommunen overfor ei real utfordring.

– Det må byggast planfri overgang ved jernbanen. Vi har begynt dialogen med Bane Nor om dette, avsluttar prosjektleiar Hermansson.

Slik anbefaler prosjektgruppa for vinstra 2046 at det framtidige sntrum på Vinstra blir avgrensa. Foto: Nord-Fron kommune
I anbefalinga frå 2046-gruppa er Nedregata sør for Folkets hus ikkje lenger ein del av Vinstra sentrum. Foto: Bjørn Sletten