Prioriteringane vart dei samde om; dei ville ha betre opningstid på helsestasjon for ungdom, framhald for prosjekt med kommunepsykolog og framhald for ungdomsekspressen.

Ikkje dyrare å vera med

Ungdomsrådet vil også at idrettslag, korps og andre med aktivitetar til barn og unge, framleis skal ha fri bruk av kommunale lokale til trening og øvingar. Og Kåja Camp er viktig å halde fram med, med like bra innhald, utan at det skal koste meir å vera med.

Diskusjonen om kvar pengane skulle koma frå, fekk dei diskutera i grupper. Både kyrkjeleg fellesråd og byfesten vart salderingspost undervegs i diskusjonen.

ViVilHaMeir-partiet vil ha ein større byfest, men berre annankvart år. Slik ville dei spare 300 000 kvart år, og legge det inn i budsjettet på barn og familie-området.

Eigentleg fridag

Ungdomskonsulent Erik Tøftestuen er sekretær for ungdomsrådet, og han var imponert over arbeidet til ungdommane. - Dei har også fri i dag, men ville ha møtet likevel. Derfor vart det også kake, pynta etter storleiken på verksemdene - eit driftsbudsjett i kakeform, seier han.

Ordførar Rune Støstad var også innom, han var imponert over evna ungdomsrådsmedlemmane hadde til å finne inndekning innanfor budsjettet.

- Eg vonar at desse ungdommane held fram å engasjera seg, det treng vi, seier han.

Han får framlegget frå ungdomsrådet med inn i formannskapet, før endeleg budsjettvedtak i kommunestyret.