Vinstra vidaregåande skule søkjer etter ny rektor som øvste leiar for dei 450 elevane og 100 tilsette. Stillinga blir ledig fordi dagens rektor Ingvild Rønn Sætre flytter til Hamar. Der skal ho ta til som rektor ved Hamar katedralskule, som er eigd av Hedmark fylkeskommune.

- Rønn Sætre jobbar i dag på Vinstra videregåande skule, der ho har vore rektor sidan januar 2014. Før dette var ho avdelingsleiar ved VVS. Ho har også vore lærar og oppvekstleiar i Sør-Fron kommune. Sætre tok i 2014 master i utdanningsleiing, skriv Hamar katedralskule på si heimeside.