Det er VG som skriv dette fredag kveld.

Det har storma rundt hotellet på Kvamsfjellet etter at det vart oppretta akuttmotak der i oktober. Denne veka fortalte Dølen som fyrste medium om at 17 tilsette går til sak mot dei nye eigarane på hotellet.

Tidlegare denne veka vart det også klart at Nord-Fron kommune er i dialog med eigarane om å flytte flyktningane til ein nybygd brakkerigg på Vinstra.

Moe seier i ein epost til VG fredag at "Rondablikk ønsker ikke lenger å bli assosiert med denne type innkvartering og avslutter virksomheten. Driftsselskapet sies derfor opp, Lasse Røssland kan bekrefte om de ansatte blir sagt opp."

Vil seie opp

Røssland, som har fleire ulike roller i driftsselskapet Robust drift, seier på si side til VG at det kan bli snakk om å permittere dei tilsette, men at avtala med UDI vil bli sagt opp.

– Kontrakta vår med UDI om akuttplassar for asylsøkarar går ut 9. desember, og vi ønskjer ikkje å forlenge den. Kva som skjer med bebuarane etter det, får UDI svare på, seier Røssland til VG.

I følgje regiondirektør Siv Kjelstrup i UDI er det derimot UDI, som ikkje ønskjer å forlenge avtala med Robust drift. Det er GD som skriv dette.