Det var tre nøgde ordførarar som forlet statsrådens kontor tysdag.

– Målet med møtet var å orientere Statsråden om status i vårt arbeid, og planlagde aktivitetar og framdrift. I tillegg tok vi opp nokre konkrete saker og spørsmål innbyggane er opptekne av, skriv ordførar i Sør-Fron, Ole T. Muriteigen i eit notat.

Møtte mannsterke

Det var midtdalsordførarane Arne Fossmo, Ole T. Muriteigen og Rune Støstad, som saman med Jan Reinert Rasmussen, rådmann i Sør-Fron og fellesrepresentant for rådmennene, møtte statsråd Jan Tore Sanner og statssekretær Grete Ellingsen, samt representantar frå embetsverket tysdag morgon.

– Vi orienterte innleiingsvis om status i arbeidet, planlagde tiltak framover, og tidsplan. Deretter tok vi opp saker og spørsmål innbyggarane er opptekne av, og våre forventningar til Statsråd Jan Tore Sanner, opplyser Muriteigen vidare.

Dette tok midtdalsordførarane opp:

  • Bom og plassering av bommer må følgje nye kommunegrenser, slik at det blir «bomfri» ferdsel innafor kommunen (ein kommune, ein bu- og arbeidsregion).

  • Jakt- og fiskerettar, og fjellstyregrenser må vera som i dag i ein ny kommune. Kommentar frå Statsråden: Dette er avklart. Det vart konkludert med at dei tre kommunane – etter felles styringsgruppemøte 11. desember – sender søknad til departementet for å få dette bekrefta.

  • Rovdyr, fjell- og utmarksforvaltning, med meir forenkla og meir lokal forvaltning, bør vera ei svært aktuell ny oppgåve/pilot. Kommentar frå Statsråden: Positiv til å drøfte dette vidare, og inviterte seg sjølv (med representantar frå også andre departement) til innspel-/dialogmøte hos midtdalskommunane i januar.

Tek over skulen?

Ordførarane utfordra også statsråden konkret på nokre oppgåver:

  • Statlege arbeidsplassar innan utmarksforvaltning (Miljødirektoratet - nasjonalparkseksjonen og friluftseksjonen, besøks- og nasjonalparkstrategi, m.m.). Fengselsetablering i Gudbrandsdalen vart også nemnt.

  • Regionale utviklingsoppgåver. Midlar og oppgåver som i dag blir ivaretatt gjennom regionrådet (partnarskapssamarbeid med fylkeskommunen) må overførast til ein ny kommune. Andre, aktuelle midlar kan være: Innovasjon Norge, og skjønnsmidlar.

  • Vidaregåande opplæring – ny kommune kan overta drift av Vinstra vidaregåande skule som pilot.