Sørfrøningen har nemleg gitt ut to plater i året som har gått.

Soloplata "Himmelturen" inneheld ein del eigenkomponert materiale, som tittelsporet «Himmelturen», «Vestlandsleik» og «Læremester’n» som Rustad har komponert til far sin.

På plata «Himmelturen» er ein annan sørfronsspelemann, Redvald Fjellhammer, representert med ein springleik. Rustad er solist på gitar på denne plata, som er nominert i soloklassen.

Fleire midtølar blant dei nominerte

Men i tillegg er Rustad også nominert for plata "Slåttespel på toradar", innspelt saman med Ole Nilssen og Leif Ingvar Ranøien, tidlegare elev ved folkemusikklina på Vinstra vidaregåande skule.

Den plata er nominert i klassa tradisjonelt samspel, der fleire midtdølar er nominerte.

Gudbrandsdølenes spelemannslag, med midtdølane Olaug Furusæter, Helene Høye, Kari Marte Haugstad og Eivind Kjorstad, er nominerte for plata "Oslo".

Sterkt felt

Det var i år 50 påmeldte plater.

– Juryen har ikkje hatt ein lett jobb. Veldig mange sterke utgivingar, men eg syns dei har kome fram til ein verdig gjeng med nominerte, seier prosjektleiar for Folkelarm, Sigurd Reinton.

Prisane blir delt ut på under årets Folkelarm, fredag 25. september på Riksscenen i Oslo.

Gudbrandsdølenes spelemannslag, med midtdølane Olaug Furusæter, Helene Høye, Kari Marte Haugstad og Eivind Kjorstad, er nominerte for plata "Oslo".