Fleire eksempel på potensielt trafikkfarlege situasjonar viste seg medan delegasjonen sto i krysset for å vurdere moglege tiltak. Ein fotgjengar med rullator kom til dømes kryssande over Vinstragata utanom gangfelt, da vegvesenet og kommunen sto og vurderte tiltak som skal til for å betre trafikktryggleiken.

Målet for befaringa, med representantar frå båe etatane, er å finne løysingar i kryssa som gjer trafikkbiletet meir "ryddig" og forståeleg for alle trafikantgrupper.

Mindre tiltak fyrst

- Det var trafikksikkerheitsutvalet som ba om å få eit møte på situasjonen i dette krysset, fortel Magnar Bratlien, leiar av utvalet. Saman med ordførar og tilsette frå plan og teknisk i kommunen var han med på befaringa onsdag.

I fyrste omgang er konklusjonen etter befaringa ei rekkje mindre tiltak. Dei er skissert slik i referat frå møtet:

  • Betre skilting av gang- og sykkelvegar i området.

  • Flytting av skilt ute på fylkesvegen for å redusere informasjonsmengda inn mot kryss.

  • Merking i asfalt for å markere areal for mjuke trafikantar.

  • Eit tilrettelagt krysningspunkt blir etablert for gåande frå parkeringsareal Teksumbygget og over til gang- og sykkelveg mellom PG og Coop. Det vil gjera det tydelegare kvar gåande og syklande skal krysse fylkesvegen.

  • Vurdere kantstein for å gjera skille mellom kjøreareal og areal for gåande/syklande

  • Vurdere å merke opp trekantøyer med skraverte felt i kryss inn mot både PG, Teksum og Coop. Dette for å "tvinge" fleire kjørande til å plassere seg riktig i avkjøringar.

- Tiltaka vil bli planlagt og gjennomført så snøgt som råd, men dei fysiske tiltaka kan ta noko tid, sidan mange av dei involverte aktørane har ferietid, i følge referent Jan Rune Vilhelmsen frå Statens vegvesen.

Godkjent plassering

Det kom også fram under befaringa at kryssplasseringa er resultat av at kommunen imøtekom utbyggjar sine ønskje, noko også vegvesenet godkjente. Det ligg også til grunn at innkøyringa som nå er brukt inn til Vinstra karosseri frå Vinstragata/fylkesvegen, skal bort. Dessuten skal jordvollen ved innkøyring til PG fjernast av eigar Utstillingsplassen eiendom, for å betre oversikt i krysset.