Da Staales gamle forsikringskunde bestemte seg for å selje bedrifta fekk han noko å gruble på. Det endte med at Staale og kona kjøpte heile Vågå Arrangement Service.

Stein Åldstedt i Vågå har drivi Vågå Arrangement Service i tretti år. I jula varsla han mellom andre sin forsikringsagent Staale Nyhus frå Hundorp om at det var slutt. Bedrifta skulle seljast.

– Da fekk eg noko å gruble på, seier Staale Nyhus.

– Eg brukte heile jula på å gruble og tenkje. Stein er ein gamal forsikringskunde og eg veit at han har drivi veldig godt – eg har kjent bedrifta hans gjennom fleire år. Det endte med at eg og kona mi bestemte oss for å kjøpe det.

– For dei uinnvidde: Kva er Vågå Arrangement Service?

– Vi har alt i utleige for selskapelegheiter. Det er alt frå telt, golv, benker, bord, belysning, og alt av serveringsutstyr for å servere 5000 mann om dagen, til sumodrakter, svømmebasseng og hoppeslott, for å nemne noko. Vi har eit lager på 480 kvadratmeter som er fullt, og det er tre til fire sesongtilsette – dei er frå Litauen – faste folk som kjenner rutinane. Eg har også fått med meg Jon Sigurd Holtesmo, førtidspensjonert militær frå Sør-Fron, han blir også med på deltid på sommaren.

– Skal de fortsatt ha base i Vågå?

– Nei, i løpet av hausten blir lager og kontor og flytta til Midt-Gudbrandsdalen. Eg leiger lagera av Stein i Vågå ut denne sesongen. Det er kjempefine lager der, og det skal gjerast mykje for å finne like fine lager her, men det blir for lang kjøring kvar dag. Namnet blir også endra. Det har heitt Vågå Arrangement Service i alle år, med orddeling, og det blir det også i det nye namnet (Staale ler) Gudbrandsdal Arrangement Service.

– Kva erfaring har du med arrangement frå før?

– Eg har drivi som ansvarleg for Sør-Fron IL på campingen under Countryfestivalen i alle år. I tillegg har eg vore med å arrangert hopprenn i Lobakken. Så det er gjennom idrettslaget at eg har erfaring med dette.

– Apropos hopping - korleis ligg planane om nytt anlegg an?

– Eg håper vi har spaden i jorda i Jordalen løpet av hausten. Det vil ha alt å seie for hoppmiljøet i Gudbrandsdalen. Da har vi eit komplett anlegg for skihopping – alt på ein stad for framtida – og vi kan arrangere hovudlandsrenn som og er tildelt i 2019.

– Og de leverer telta?

– Det gjer oss da!

– Men du skal halde fram den «vanlege» jobben din i tillegg?

– Ja, eg fortset med det eg har drivi med i Frende forsikring – der eg jobbar mot både privat- og bedriftsmarknaden. Det er to jobbar som let seg kombinere – spesielt på vinterstid. Vi driv med arrangement da au, men ikkje i like stor skala. Så blir det noko mindre forsikringssal på sommaren.

– Og noko mindre sommarferie?

– Det er ei veke i juli som er passe roleg ennå, men det forandrar seg nok – så det blir dårleg med ferie nå i år! Men det har gitt veldig meirsmak det vi har gjort gjennom countryfestivalen, og det er frykteleg artig å drive med arrangement. Pluss at vi har to gutar som er tretten og fjorten år nå. Dei treng sommarjobb nå og jobb i framtida. Og så må ikkje gløyme ho Eva (kona til Staale, journ. anm), ho skal vera med å ta kontorarbeidet. Så det blir eit skikkeleg familieforetak dette.