I løpet av 2017 har Ruste bygdekvinnelag hatt ein skikkeleg strikkedugnad. Og denne veka vart resulatet overlevert til legekontoret på Vinstra.

– Vi overleverte eit teppe som er strikka på dugnad. Teppe ønskjer vi at damer som soknar til doktorkontoret kan læne dette under behandling av bryst- og underlivskreft, seier leiar i Ruste Bygdekvinnelag, Borgny Sletten.

– Da kan dei halde seg gode og varme, og samstundes vite at medsøstre tenkjer på dei, legg ho til.

Sletten fortel at Nord-Fron kommune vil ta på seg å vaske teppet etter bruk.

– Så det er berre å levere det inn att på legekontoret, seier Sletten, som fortel at tanken bak strikkedugnaden, er å gje noko å varme seg på, i dobbelt forstand.

– Dei fleste har nokon dei kjenner som er sjuke av denne stygge sjukdommen, og vi i laget pratar mykje om kva vi kan gjera for dei, seier Sletten.