I New York har dei Frihetsgudinna, på Tynset har dei verdas nest største spark, og på Otta har dei Pillarguri. Men kva skal ønske dei vegfarande velkomne åt Vinstra?

Det lurer også påtroppande ordførar i Nord-Fron, Rune Støstad på.

Skal vekkje interesse

Han meiner det må til ei form for utsmykking i området ved Lomoen bru, altså innkjøringa til Vinstra frå ny E6.

– For oss som bur her handlar det om å gjere oss bevisste på kva vi har. For dei som kjem hit eller kjører forbi skal det vekkje interesse og seie noko om kor dei er kome, seier Støstad.

Betong, kraft eller Peer?

Han vil at dei reisande skal peike og seie "Der er den!" og vite at dei har kome til Vinstra. Men akkurat kva skulpturen eller utsmykkinga bør vera, vil ikkje Støstad meine så mykje om.

– Eg veit kva eg hadde ville hatt, men eg meiner at folket må kome med forslaga her, seier Støstad, før han likevel slenger fram nokre tankar.

– Vi er ein kraftkommune, kanskje kunne vi hatt noko i tilknyting til det? Eller kanskje noko i betong som viser at dette er betongbyen Vinstra? Eller ein traktor? Elles har vi jo ei internasjonal merkevare i Peer Gynt, seier Støstad som heller ikkje er fremmed for tanken om noko tilsvarande ved innkjøringa til Kvam.

Vil ha folkets forslag

Saman med lokalavisa Dølen inviterer derfor Støstad folket til å foreslå eigna utsmykking.

Forslaga kan sendast på epost til post@dolen.no, eller som kommentar i feltet under saka på Facebook-sida til Dølen.

Les meir i papirutgåva av Dølen torsdag.

Den 20 meter høge skulpturen Angel of the North ved Gateshead i England blir ofte trekt fram som døme på godt synleg skulptur ved vegen. Foto: David Wilson Clarke