Det er i gang sonderingar om framtida til Pyntaberget,  og møte mellom Sør-Fron kommune og dagleg leiar i OTT Eiendom, Marius Grove, fann stad førre veke.

Ungdomsmottak

Grove seier til Dølen at det eksisterer ein intensjonsavtale mellom Ott Eiendom, som eig Pyntaberget, og Link AS, som driv i alt ni asylmottakmottak i Sør-Norge. Den eittårige avtala går ut i september, og inneber etablering av eit mottak for mindreårige asylsøkjarar. Det vil gje plass til omlag tretti asylsøkjarar under 18 år, og kan gje oppimot 20 arbeidsplassar i døgnturnus.

- Det er snakk om betydelege utgifter berre for å få staden opp og gå, seier Grove, og legg til at dei treng forsikringar for at eventuelle investeringar dei gjer, har noko for seg.

Enno er det mange usikkerheitsmoment også ved ei etablering av mottak, mellom anna har ikkje UDI utlyst kontrakt på asylmottak i området her nett nå.

Store arbeid skal til på bygget, det er til dømes sannsynlegvis naudsynt med ny vasstilførsel til erstatning for sisterneanlegget som er der. For å få brannteknisk godkjenning må det dessutan installerast overrislingsanlegg.

- Uansett må vi gjera grep med bygget, om det skal bli noko form for drift der, anten det er mottak eller noko anna. Men akkurat nå er det intensjonsavtala vi har med Link som er mest aktuell, seier Grove.

- Bra med aktivitet

Ordfører Ole Tvete Muriteigen er positiv til tanken på at det kan bli ny aktivitet på Pyntaberget, og seier kommunen vil legge til rette for ei slik etablering, så langt dei har moglegheit til å bidra. Han er likevel klar på at det er OTT Eiendom som å stå for tiltaka som skal til for å få bygget klart for ny verksemd.

- Det er jo synd at det skal stå tomt, det er jo ei fin tomt -eg tek gjerne i og kallar det Nord-Europas finaste utsikt, seier han.

- Det kan kanskje vera langt unna skule og slike ting?

- Det kan løysast, og vi er ikkje på så detaljert nivå enno. Vi er samde om å halde fram å snakke saman, seier Muriteigen.

Synfor i fjor

Hallstein Saunes er dagleg leiar i Link AS, som er aktuelle drivarar av mottak på Pyntaberget. Han seier avtala vart inngått i fjor haust, etter ei synfaring med OTT Eiendom.

- Vi fann ut at det var eigna lokale. Nå er det likevel ein del føresetnader som må oppfyllast, fyrst og fremst må UDI ha utlysningar i distriktet, seier han.

Dette kan vera moglegheiter, meiner Raunes, fordi det har vore større pågang av mindreårige asylsøkjarar i mai og juni. Det er sett strengare krav til slike mottak, med tanke på bemanning og tiltak.

Han konstaterer at huseigar har sett i gang ein prosess, og at han fekk ei oppdatering på status frå eigar i går, onsdag. Link AS har hovudkontor i Kristiansand, og driv ni asylmottak over heile Sør-Norge.

Pyntaberget var eit rehabiliteringssenter tidlegare. Eigarane har forsøkt å få til slik verksemd på nytt, utan å lykkast. Foto: Guro Vollen