I låven på Skåbutunet blir nemleg om lag 10 000 års historie frå Skåbu og omegn presentert.

– Utvinning av utmarksressursane er den raude tråden, fortel Ivar Engevold, Hans Hysjulien og Odd Hermann Blekastad i Kulturminnegruppa i Skåbu.

For nettopp utmarksressursane – jakt, fangst og fiske – har vore svært viktig for busetjing i Skåbu gjennom hundreåra.

– Så seint som i 1910 finn vi personar med tittel «jeger» i folketeljinga, seier Ivar Engevold.

– Og vi veit at det var fleire som levde av fiske fram til andre verdskrigen, supplerer Hans Hysjulien.

Ulvesaks og bjøinnbørse

Langs dei gule tømmerveggane er fangstreiskapar og fangstmetodar behørig dokumentert. Ein monter inneheld ein modell av eit elgfangstanlegg, laga av Hans Hysjulien. Delar av utstillinga har også tidlegare vore synt fram i Skåbu, i kjellaren på Krogenæsfabrikken.

– Men det er mykje nytt au, og Ståle har mykje som supplerer utstillinga, seier Hysjulien.

Ståle Roven er eigar av Skåbutunet, og mannen med ideen til utstillinga.

– Draumen har vore å få til eit jakt- og fangstmuseum, men åra flyg, smiler Roven.

Og den kulturhistoriske utstillinga har knapt sin like. Få har samla like mykje fangst og jaktreiskapar som Roven.

– Mellom anna stiller vi ut ei ulvesaks etter Ragnar Fosse, og bjøinnbørsa som far til Hans (Johan Hysjulien journ.mrk) skaut siste bjørnen i Skåbu med, fortel Roven.

Arkeologiperspektiv

Også Oppland Fylkeskommune har vore med på utstillinga i Skåbu. Dei har bidratt med eit arkeologisk perspektiv.

– Det har vore jakta her i Skåbu i 10 000 år. Med ein gong isen smelta etter siste istid kan vi sjå at dei faktisk levde av jakt i området her, og det er ganske tidleg, seier Torill Nygård, arkeolog i Oppland Fylkeskommune, og ein av arkeologane som i fleire sesongar har drivi med utgravingar ved Olstappen i Skåbu og innover i Vinstravassdraget. I utstillinga er mellom anna kopiar av fangstreiskapar funne ved Olstappen utstilt.

– For oss er dette ein kjempefin måte å få synt fram kva vi arbeider med og kva vi har funne, seier Nygård.

Nyleg har arkeologane avdekka ein 5000 – 6000 år gamal stor buplass ved Kaldfjorden. Det underbyggjer teoriane om fleire tusen år med jakt og fangst i Skåbu. Nå er arkeologen imponert over kva Roven og kulturminnegruppa har fått til.

– Det er fint at ein får alt dette samla, og det er utruleg viktig at dette blir tatt vare på, seier Nygård.

Ein monter inneheld ein modell av eit elgfangstanlegg, laga av Hans Hysjulien. Foto: Bjørn Sletten