SlipNot UB, til dømes, har funne opp ein dings som får bagen til å henge på plass over aksla.

– Den festar du berre på sekken, syner ungdomsbedriftsgründerane Morten Heimlund og Henrik Kamp.

Dei var til stades med stand på Peer Gynt-senteret måndag, under regionmessa for ungdomsbedrifter.

Hjelpemiddel

Plastknaggen SlipNot gjer at gymbag eller anna bagasje i tillegg til sekken, heng på plass utan stadig korrigering.

– Vi tykkjer det er eit smart produkt som det burde vera ein marknad for, seier dei to.

Dei to har til og med vore i kontakt med to produsentar i Kina, men førebels lagar dei produktet på 3D-laseren hjå Teknikk og industriell produksjon på skulen.

– Men det tek lang tid, sidan det også er mange andre som brukar den, seier dei.

Fylkesmesse i mars

Regionmessa for ungdomsbedriftene frå Vinstra vidaregåande skule vart måndag arrangert på Peer Gynt-senteret, og sju ungdomsbedrifter viste fram kva dei har jobba med.

På messa fekk dei moglegheit til å marknadsføre, selje og få attendemelding på eiget produkt/teneste.

– Dette er også ei fin opplading til fylkesmessa regi av Ungt Entreprenørskap, som kjem midt i mars, seier rektor Ingvild Rønn Sætre, som opna messa måndag.

Ungdomsbedrifta Serin er elevar frå 2. klasse på danselina, og dei har ei særleg oppgåve:

– Vi skal spreie glede via dans, seier dei.

Danseglede

Det gjorde dei da UB-messa opna, og dei har allereie fleire oppdrag bak seg.

– To av oss har vore vikarar i kulturskulen, og vi har vore på Lillehammer og promotert danselina, og så har vi eit opplegg i barnehagar, seier dei.

– Så de har inntekter allereie, de da?

– Pengane vi får inn skal i alle fall gå til å spre ennå meir danseglede, ler dei.

Sju ungdomsbedrifter var representert ved messa på senteret måndag. Det var også premiering for beste stand, beste salsteam, innovasjon, logo og forretningsplan. Jurymedlemmar var plukka frå lokalt næringsliv.