En 180 meter lang betongkonstruksjon blir blikkfanget på den nye rasteplassen Mellomsdokka i Ruste i Nord-Fron. «Den blå linja», eit kombinert kunstverk og rasteplass, blir inngangsporten til Vinstra for sørgåande trafikantar på ny E6.

– Vi håper at folk syns denne plassen blir fin. Det er ikkje mange rasteplassar som ligg slik til, med elva rett nedafor, seier prosjektingeniør Lars Erik Solbraa i Statens vegvesen til Dølen.

Muren med den blå linja dannar skiljet mellom parkeringsarealet og opphaldsarealet på den nye rasteplassen.

Store dimensjonar

Kunstnarane som har teikna rasteplassen, Marit Arnekleiv frå Tetten og Hilde Aagaard frå Lillehammer, er godt nøgd med resultatet.

– Vi er veldig glade for at vegvesenet satsar på kunst langs vegen, og det er utruleg artig å jobbe i så stor skala, seier Arnekleiv og Aagaard til Dølen.

For å illustrere dimensjonane: Kvar av dei blå elementa veg om lag eitt tonn, mens «isflaka» i kvar ende av rasteplassen veg seks tonn kvar.

Det er naturen, elva og elvemasse som er tema. Og kunstig belysning skal sørge for å synleggjere plassen enda betre for bilførarane som susar forbi i 90 kilometer i timen.

– Dette er like mykje ein del av reiseopplevinga langs ny E6 som den er ein rasteplass. Slike installasjonar er med på å sørge for årvakenheit hos sjåførane. Du kviknar til når du passerer slike element, seier Solbraa.

Sløsing?

Mange har likevel peikt på den korte avstanden mellom Mellomsdokka rasteplass og det som vegvesenet har sagt skal bli Norges finaste vegsørvisanlegg i Lomoen på Vinstra.

– Er det da behov for å bygge ein så stor rasteplass her?

– Vi fann ut tidleg i prosjektet at dette var ein svært godt eigna stad for ein rasteplass, og vegsørvisanlegget i Lomoen falt på plass seint i planlegginga. Dessutan tek denne rasteplassen berre nordgåande trafikk, forklarar Solbraa.

Etter kvart vil den planlagte rasteplassen på Krekke i Fåvang ta seg av sørgåande trafikk. Målet er i følgje vegvesenet å komme i gang med bygginga av den i 2017.

– Vi ser at der det blir bygd fine rasteplassar av god kvalitet. blir dei også brukt. Der stoppar folk og tek seg tid, seier Solbraa.

Rastepassen skal etter planen stå ferdig i god tid før vegopninga i desember.

Denne saka stod fyrst på trykk i papirutgåva av Dølen 23. juni. Abonnere på Dølen? Klikk her!

Dølen var til stades da betongelementa på "Den blå linja" vart heist på plass. Foto: Bjørn Sletten