Saka om ungdomsskuletrinnet i Skåbu har vore ein gjengangar i politikken i Nord-Fron heilt sidan 2002. Både i 2002 og 2009 føreslo adminstrasjonen ei samanslåing av Vinstra og Skåbu ungdomsskular med bakgrunn i økonomiske innsparingar.

Adminstrasjonen i Nord-Fron presiserer at økonomi ikkje skal leggast vekt på i debatten om ei eventuell nedlegging, men syner til at det vil vera ei innsparing på mellom 800 000 og 900 000 kroner i året ved å sål saman ungdomsskulane.

Ser utfordringar

I saksutgreiinga som vart lagt fram for kommunestyret tysdag går det fram at adminstrasjonen ser utfordringar kring fleire aspekt ved skulen. Små sosiale miljø for elevane, og utfordringar knytt til rekruttering av lærarar er blant argumenta som leier fram til konklusjonen.

– Administrasjonssjefen ser at med det låge elevtalet som er og vil vere ved ungdomstrinnet i Skåbu i åra framover, er det overvekt av argument for å slå saman ungdomsskolane, det vil seie at ungdomstrinnet ved Skåbu oppvekst blir lagt til Vinstra ungdomskole, skriv rådmannen i si saksutgreiing.

Han følgjer opp med ei oppmoding til politikarane om å gjere eit tydeleg vedtak:

– Det er viktig at kommunestyret gir eit klart signal på om skolestrukturen, og om Skåbu ungdomsskole spesielt skal vurderast. Det er viktig å skape ro rundt saka og på den måten trygge både elevar, foreldre og tilsette slik at dei kan oppleve forutsigbarheit og kan planlegge framover innafor den løysinga som blir bestemt, dersom kommunestyret vedtek at det skal gjerast ein formell prosess, heiter det vidare.

Politisk behandla

Førre veke var saka oppe i fyrste politiske instans, utval for helse- oppvekst og kultur.

Men der administrasjonen la fram forslag om å starte ei sak der ein skal vurdere ungdomstrinnet i Skåbu, var politikarane samde om å oppretthalde skulen.

Tydelegast var Senterpartiet og Olav Røssum i sitt forslag. Dei syner til elevtalsutviklinga, og foreslo enkelt og greitt at «Kommunestyret vedtek at ungdomstrinnet ved Skåbu Oppvekst blir oppretthalde».

Arbeidarpartiet på si side, nøgde seg ikkje med det.

Vil ha evaluering

AP ønskte i HOK også at ungdomstrinnet i Skåbu skal oppretthaldast, men at det er for tidleg å konkludere med kva resultat ein får av ei rekkje tiltak for å betre læringsmiljø og det sosiale miljøet skulen har iverksett.

Har søkt seg vekk

Som Dølen tidlegare har skrivi om, har tre elevar søkt seg vekk frå ungdomsskulen.

AP foreslo i HOK at dersom fleire enn to elevar søker seg vekk og får innvilga søknad om flytting, skal det bli sett i verk ein formell sak «der det skal vurderes om kommunen skal fortsette med ungdomstrinnet i Skåbu».

Tysdag var saka oppe i kommunestyret i Nord-Fron. Da vart mellom anna punktet om talet på elevar fjerna, slik at elevtal ikkje lenger er ein faktor for eller imot å oppretthalde skulen.

– Vi ser i etterkant at oppfølgingspunkta vi la inn frå HOK kunne misoppfattast og verke litt krasse, sa HOK-leiar Anne Marie Olstad frå talarstolen tysdag.

Høgre la fram forslag om å gå for adminstrasjonen sitt forslag og dermed ei formell høyringsrunde, men det var AP som til slutt fekk med seg fleirtalet i kommunestyret på å oppretthalde skulen.

– Skulen er ein viktig institusjon i Skåbu, sa ordførar Rune Støstad under debatten.

Mange skåbyggingar hadde møtt opp for å følgje debatten om skulen under tysdagens kommunestyremøte i Nord-Fron. Foto: Tor Larsen