Celine og Christian Lien Beitdokken, båe snart fire år, hadde med seg bestemor Solveig Heggeslåen på bytur og fekk to kjempefine ballongar.

Pølsekurs og spontangospel

Landsbybuarar og tilreisande set ut til å setje pris på påfunna frå marknadsforeninga og andre lag og foreningar, og møter opp. Så fekk dei da også varierte opplevingar. Gjennom dagen fekk dei heile spennet mellom gamaldans og gospel, til Idol- Ola og strykeorkester, og programmet laurdag vart sett i gang av sjølvaste Vaffel-bandet, som er med på alt som er gøy.

I samband med øving til konsert på Rudi gard sundag, vart det ein liten spontankonsert på gata, frå gospelkora Fri Gospel og Rondane og Fåberg gospelkor, saman med solisten Jason Taylor frå Tennessee. (Sjå videosnutt på sida av saken.)

Ellers kunne gjestene i Vålebrua få med seg sykkelshowet til Joachim Skjævestad, dei kunne vera med på presisjonskonkurranse med gravemaskin, vera med på pølsekurs hjå Anni (les meir om kurset i Dølen 24. juni) eller på trim i parken.

For ikkje å snakke om å berre ta seg ein kaffekopp i gågata og sjå på folkelivet. Her er nokre glimt frå føremiddagen laurdag.

Ringebudager avsluttes med Rabarbrafest i Ringebu prestegard sundag.