Den nylege arbeidsstipendvinnaren har fleire ballar i lufta, og seier til Dølen at planane om ein ny langfilm er eitt av prosjekta som kjem til å dra nytte av stipendet frå Oppland fylkeskommune.

Skriv manus

- Eg vil bruke noko av stipendet til fordjupning i langfilmprosjektet, seier Lo til Dølen. Han fortel at filmen kjem til å bli ein slags roadmovie, om eit veldig ungt band. Manusforfattar Arild Tryggestad jobbar i desse dagar med manus.

- Det handlar om eit rockeband frå ein liten stad, som har ein draum om å koma seg til NM i rock. Filmen på kryss og tvers i Norge, når dei fire sterke karakterane i bandet, er på veg til NM, seier han om plottet.

Det jobbast nå med finansieringa; ein lang og kronglete veg. Målet er at opptaka kan ta til neste haust, noko som betyr at casting til rollene vil skje i sommar.

Målgruppa til Lo er som vanleg barn og unge, slik som i dei prisløna spelefilmane Bestevenner (2009) og De tøffeste gutta (2013). Det er viktig for regissøren med god kultur også for denne målgruppa.

- Barnekultur er viktig, også dei yngste fortener kvalitetskultur, slår han fast.