REMA 1000 har sett seg ut tomta bak Europris på austsida av Våla, og arkitektfirmaet Anderssen og Fremming sivilarkitektar har teikna dei nye næringslokala.

Dølen omtalte utbyggingsplanane allereie i april. Nå er gravemaskinskuffa sett i jorda.

– Utbygginga er i full gang, bekreftar Simen Lostad, som til dagleg driv REMA 1000 på Vinstra.

Opnar i november

Lostad er styreleiar i det nystarta selskapet Loteks Vålebru as, som står bak butikkplanane. Administrerande direktør i selskapet er Per Tore Teksum frå Lillehammer.

– Når blir det REMA 1000-butikk i Ringebu?

– Planen er å opne i slutten av november, og det ser ut til å vera innafor rekkevidde, seier Lostad.

Butikken skal etter planen bli på om lag 1300 kvm – det er litt mindre enn Lostads butikk på Vinstra.

Ikkje redd for konkurransen

I Ringebu finst det frå før både Bunnpris-, Coop- og Kiwi-butikkar.

– Redd for konkurransen?

– Nei, eg meiner bestemt at det er marknad for ein REMA 1000-butikk også i Ringebu. Eg ser ingen grunn til at det ikkje skal gå bra med Rema 1000-butikk også her, seier Lostad til Dølen.

Også Frank Sulebakk, dagleg leiar i Rema eiendomsutvikling, Nordre Østland, er positiv til planane.

– Vi er ikkje redde for å gå i konkurranse, og vi er klare over at Ringebu er den marknaden det er, men trur det definitivt er rom for ein REMA 1000-butikk der, seier Sulebakk til Dølen.

Motstand

Lostad er med på eigarsida, men butikken skal drivast av ein sjølvstendig kjøpmann. Men utbygginga har også møtt motstand.

Ei eiga gruppe på Facebook, «NEI til dagligvarebutikk på Vålejordet» har nå vel 100 medlemmar, som meiner at Ringebu har nok med dagens tre daglegvarebutikkar.

Dølen har tidlegare vore i kontakt med personane bak gruppa, men dei ønskte ikkje å stå fram med namn.

Simen Lostad, kjøpmann på REMA 1000 Vinstra, vil vise REMA-musklar i Ringebu. Foto: Tone Sidsel Sanden (arkiv)