Teknisk arrangør er framleis Laagen rock- og bluesklubb, med Christian Asphoug og Brede Vestby som pådrivarar og utførande.

Kom for å lytte

– Vi er opptekne av å finne ein modell som sørger for at dei på scena har eit lyttande publikum, seier dei.

Det har synt seg vanskeleg å få til ei atmosfære for særleg aktiv lytting på laurdagen. I fjor utvida dei Tromsa live med fredagskonsert, i år blir også torsdag kveld ein del av arrangementet.

–Vi håpar å treffe rett med å gjera også torsdag til ein lyttedag, seier dei.

Opera og mat

I tillegg ein ekstra konsertdag, har dei utvida også når det gjeld sjanger. I år er klassisk musikk ein del av programmet, med Kari Hanne Rudrud frå Fåvang som solist i ein operakonsert der kjærleiksarier er hovudtema. Rudrud står på scena saman med Gudbrandsdalsorkesteret og Erlend Grønbeck på piano. Dei er fyrst ut i årets arrangement, som blir på Tromsvang.

– Tromsa live har aldri tilhøyrd ein bestemt sjanger, hovudpoenget er å få lokale folk i musikkbransjen, både proffe, halvproffe og amatørar, til å møtast, og å få folk ut for å høyre på musikk i levande live, seier Vestby.

– Og når ein har alt frå opera til hardrock er det vanskeleg å samle alt på ein kveld, seier Asphoug.

Fredagskvelden skal gå føre seg på ei av dei nye scenene i Ringebu, på spisestaden Annis. Det blir ein akustisk kveld, med både lokale og nasjonale artistar.

Mave, Chinook, Randi Marie og Tommy Kristiansen er navna som er ute så langt. Og som før blir heile arrangementet runda av med ein konsert i festmodus på Tromsvang laurdagskvelden.

Båe konsertkveldane har ein eigen meny, på torsdag blir det ein spesialmeny frå Fåvangkroa, inspirert av operakomponistanes heimland. Fredag blir det Annis spisestad som står for menyen, medan maten laurdag er i samarbeid med Kvitfjell pub. Laurdag står The Ramblin Men, Baksia med fleire på scena, og det blir gjensyn med rockebandet Flamex frå Fåvang.

Mave kjem med nytt stoff til den akustiske konserten torsdag. Her frå fjorårets Tromsa live. Foto: Guro Vollen/arkiv
Brede Vestby og Christian Asphoug står bak arrangementet,og har Laugen rock- og bluesklubb i ryggen som teknisk arrangør. Årets Tromsa live er det tredje i rekka. Foto: Guro Vollen