Meir brød og kaker enn dei produserer nå, er ikkje mogleg.

– Slik det er nå, har vi ikkje moglegheit til å produsere meir med dagens arbeidstidsordning eller plass. Taket er nådd, fortel dagleg leiar i O.R. Ødegaardens bakeri og konditori, Anne Gunn Brendstuen.

Med i  utviklingsprogram

Om nytt produksjonsutstyr skal inn, må det bli «grave ned» i golvet for få plass i lokala dei leier. Der har bakeriet halde til sidan 1916.

– Det er litt lågt under taket, som du ser, seier ho.

Saman med mannen Steinar Brendstuen og Terje Storødegård, som båe jobba i bedrifta som bakarar, tok ho over bakeriet i 2006. Ann Irene Stokke er også med på eigarsida.

Sidan har bakeriet mellom anna opna utsal både på Kvam og på Otta. Og salet aukar. Difor lyt dei finne ut kva dei skal vidare, og gjennom FRAM-programmet i Innovasjon Norge-regi, blir heile bedrifta gjennomgått. Brendstuen og bakeriet deltek i ei gruppe med lokalmatprodusentar, der bedriftene også lærer av andre sine utfordringar og erfaringar, noko ho finn svært nyttig.

– Vi har også ein bedriftrådgjevar som er med oss inn i bedrifta, og som stiller relevante spørsmål til alt, det er veldig nyttig, fortel Brendstuen.

FRAM-programmet er basert på samlingar, med mykje arbeid i mellom samlingane. Deltakarar frå mellom anna Vågå, Gausdal og Tynset er også med, alle med verksemder i lokalmatsegmentet.

Ikkje stenge, ikkje selja

Spørsmålet er kva veg bedrifta skal velja vidare, og på kva måte. Veldig mange ballar må i lufta på ein gong, og arbeidet skal munne ut i ei fornya forretningsplan på haustparten.

– Skal vi bli her vi er og halde fram som nå, eller skal vi utvide, flytte bakeriet inn i større lokale og finne marknader for ein større produksjon?

Anne Gunn Brendstuen fastslår at det er fleire spørsmål enn svar, og at berre ein ting er sikkert, og det er at dei ikkje skal stenge eller selja, slik rykte har hatt det til på Vinstra.

Les meir i Dølen som er ute denne veka.