Det er Kristian Opsahl, eigar og drivar av Vinstra karosseri, som står bak selskapet Kork Eiendom som har søkt Nord-Fron kommune om oppføring av ein plasthall.

Hallen, som skal ligge omtrent vegg i vegg med Vinstra karosseri vis a vis Drivhuset og Peer Gynt-senteret i Lomoen, skal brukast til lagerhall for oppbevaring av bilar på eigedommen.

Innkjøringa frå E6

Hallen blir dermed noko av det fyrste bilistar som kjører inn til Vinstra frå ny E6 vil møte.

Dølen skreiv om planane Opsahl hadde om utviding allereie i januar, men sidan den gongen har planane endra seg frå eit forretningsbygg til ein plasthall.

Heilskapleg utforming

Hallen som er varsla oppført er 34 meter lang, 15 meter brei og 6,43 meter høg.

Fargene på hallen vil vera mørkegrått tak, lysegråe veggar og litt mørkare gråe dører/portar, heiter det i byggesøknaden frå Opsahl.

– Hallen vil få ei form og ha materialar og fargar som vil gi området den ligg på ei heilskapleg og harmonisk utforming, heiter det vidare.