Elevane ved Ringebu ungdomsskole gjekk til valurnene allereie fredag, etter å ha hatt mykje fokus på val dei siste dagane.

- Totalt 136 elevar deltok på valet, fortel lærar May Kristin Røen til Dølen.

Om elevane sine meiningar speglar foreldre og besteforeldre sine val på valdagen måndag er vanskeleg å seie, men at AP gjorde eit godt val blant dei unge, er det ingen tvil om.

Her er resultata:

AP              46,3%

SP              18,4%

TL               9,6%

H                8,1%

V                7,4%

FRP             5,1%

Blankt         5,1%