Førre veke gjekk Landsfestivalen i gammaldans av stabelen på Oppdal. Gammaldansmusikkens norgesmeisterskap. I konkurransen stilte spelmann Roger Slåstuen, både i klassisk fele/hardingfele solo, og saman med Mukampen spelmannslag. Medan det vart bronse på Mukampen, gjekk Slåstuen heilt til topps i solospel. Og det i konkurranse med fleire profesjonelle musikarar.

– Gratulerer! Å vera amatør er tydelegvis meir enn bra nok!

– Tusen takk! Ja, det er klart det var ekstra stas å vinne, når eg veit det er fleire av dei eg konkurrere mot som er proffe, skolerte og som lev av å drive med musikken. Eg har arbeid attåt, og har spelinga berre som ein hobby.

– Og i konkurransen fekk du «full klaff»?

– Det rare er at eg sjølv ikkje var 100 prosent fornøgd etter finalespelinga. Eg trudde ikkje at eg skulle nå toppen. I konkurransen gjeld det å spele godt, ha takt og driv, ha appell, slik at dansegolvet er fullt. Sjølv om det var overraskande at eg vann, gjorde eg tydelegvis noko riktig.

– Men Roger, dette er ikkje fyrste gongen du vinn konkurransar?

– Nei, eg har vore med på alle landskapsleikar sidan 1985, og på landsfestivalar sidan 1991, så eg har lang fartstid. Konkurransane har vore ein viktig del. Akkurat kor mange premiar eg har til saman, er eg ikkje sikker på, men eg har vunne solospel tre gonger, i alle fall.

– Kva er det som gjer at du har vore ivrig i miljøet så lenge?

– Eg begynte å spele fele som sjuåring, i lære hos Arne Risdal. Eg hadde periodar eg var lei, men da eg kjende eg vart bedre, ga det meg motivasjon. Spelemanns- og dansarmiljøet er godt, der står Gudbrandsdalen i ei særstilling. Ein blir etterkvart som ein stor familie, der unge og gamle er akkurat like velkomne.

– Kvifor er Gudbrandsdalen i ei særstilling?

– Samanlikna med andre stader i landet, er spelartradisjonane sterke her. Vi har bra rekruttering. I Sør-Fron veit eg dei har mange juniorar, og da vi i Mukampen starta med juniorgruppe for to år sida, kom det 23. 20 av desse er ennå med. I to timar kva veke samlast vi, der den eine timen går med til speling, og den andre til å danse.

– For dansen høyrer med til gammaldansmusikk?

– Gammaldans er bruksmusikk. Musikken er til for dansen, og det er når det dansast til det er artig å spele. Dei fleste arenane for å danse gammaldans er borte, før var det bygdafestar kvar einaste helg. Difor er det fint å lære bort dansen også, ikkje berre spelinga. Det er ofte slik at den som likar å spele, også likar å danse.

– Kva planar har så ein nybakt norgesmeister?

– Eg må innrømme det at det å vinne konkurransen ga meg ein skikkeleg piff. Mitt fokus har eigentleg alltid vore å finne nytt stoff, også som leiar for Mukampen. Vi har nesten ikkje spelt oppatt nokon av leikane. Vi hadde ei oppteljing for ei tid sida, og da hadde vi vore borti 200 leikar.

– Handlar det om å ta vare på tradisjonar?

– Det handlar i alle fall om å finne fram dei tradisjonane som finst. Før var det slik at ein gjerne skule spele det som kom frå eige nærmiljø, medan det har vorte meir akseptert å sjå utover eit større område.

– Og i Gudbrandsdalen vil tradisjonane fortsette å vere synlege?

– At vi til dømes får vere med å vise oss fram på Byfest og liknande arrangement, er viktig. Og så må det vere ein grunn til at sjuåringar vil begynne å spele fele, tenkjer eg. Dei må ha høyrt det ein stad. Vi har ein voldsom kulturskatt.