Det førte til klage frå naboar til tiltaket, som meiner kommunen har gjort prosessfeil i saksbehandlinga fram mot vedtak om dispensasjon.

Klagar på vedtak

Det går fram i ein omfattande korrespondanse mellom klagarane og kommunen.

– Klaga går på kommunens prosess, manglande vurderingar og undersøking knytt til tiltaket slik det er fremja av tiltakshavar, skriv Siv og André Cederkvist, som saman med Randi Gasmann Johnsen og Øyvind H. Rustan har levert klage på kommunens vedtak om dispensasjon.

– Dispensasjonsmisbruk

Dei meiner kommunen misbrukar av adgangen til dispensasjon frå planar, og meiner tiltaket burde vore behandla i ordinær planrevisjon.

– Tiltaket berører alle som brukar området, og det talar også for ei behandling ved ordinær planrevisjon, skriv dei.

Tiltaket det er søkt om dispensasjon for å få sett opp, er ein basestasjon for mobil telekommunikasjon, med ei cirka 30 meter høg telemast, samt ei utstyrshytte på cirka 6 kvadratmeter inntil. Tiltaket var sendt på høyring i september i fjor.

Høyringar

Fylkesmannen skriv at ei alternativ plassering, på høgder som krev lågare mast, kunne vore vurdert, sjølv om FM ikkje har vesentlege merknader. Fylkeskommunen peikar på at eit reguleringsarbeid vil kunne sjå på eit større område, for å finne den mest eigna staden for en basestasjon. Vidare, at slik dispensasjon truleg er vanleg, men at det er svært uheldig når konsekvenser, alternativ og utgreiingar ofte er tunt dokumentert.

Arealplanleggar Kenny Tran i Ringebu kommune seier dei nå behandlar klaga administrativt, og at saka truleg blir lagt fram for UPT i februar eller mars.

Toppen er utan tre, slik at masta blir godt synleg, meiner tiltaksnaboane. Foto: André Cederkvist (bildet er manipulert)