På Sofienberg-tomta, sentrumsnært, men likevel romsleg og med naturen i umiddelbar nærleik, kan Ida Rønshaugen gjerne sjå for seg å bygge hus saman med ektemann Bent Bredeveien, båe utfløtte sørfrøningar.

– De tenkjer å flytte heim?

– Vi har eigentleg heile vegen prata om at vi sannsynlegvis kjem til å flytte oppover att. Så var det på ein måte litt tilfeldig at desse tomtene dukka opp akkurat nå. Det er eit fantastisk område, både utsiktsmessig og det at det er så sentrumsnært, seier Ida Rønshaugen til Dølen.

Vant med armslag

Rønshaugen og Bredeveien er dei einaste privatpersonane som har kome med innspel til reguleringsplanen. Dei foreslår at det opnast for at det kan kjøpast to samanhengande tomter i det nye planlagte byggefeltet på Sofienberg.

– Vi er jo ikkje sikre på om dette blir «vår plass». Men ingen av oss er vokse opp i byggefelt, så vi er vant med armslag. I tillegg har vi budd ti år i Oslo der det er trongt om plassen. Så om vi skal bygge her heime vil vi helst ikkje ha det for trongt, forklarar Rønshaugen.

Mange nye tomter

Sør-Fron kommune kjøpte Sofienberg i juni 2014, med formål om å utvikle området til eit attraktivt bustadområde. «Gamle» Sofienberg er nå rivi, for å gjere plass til ti nye tomter for einebustader, og fleire tomter for både to- og firemannsbustader.

Avdelingsingeniør i plan- og bygningsetaten i Sør-Fron, Konrad Trettengen, seier til Dølen at dei merkar ein viss etterspørsel.

– Eg har inntrykk av at det både mot oss i bygningsetaten og mot politikarane er noko interesse for desse tomtene, bekreftar han.

Per i dag har Sør-Fron kommune tomter på Frya og i Lia, samt nokre festetomter nedafor kommunehuset.

– Så flust med sentrumsnære tomter har de ikkje?

– Nei vi har ikkje mange såkalla populære tomter, for dei som vi har, har vore ute for sal lenge. Vi såg i arbeidet med tomtene på Gryttingshaugen nyleg at når vi har populære tomter blir det også stor byggeaktivitet, seier Trettegen.

Bygging til sommaren

Kommunestyret i Sør-Fron får sak om Sofienberg-tomtene den 9. februar. Og om alt går etter planen skal entreprenørane ha ferdige tomter til mai.

– Dermed kan dei fyrste begynne å bygge utpå sommaren, seier Konrad Trettengen.

Det er fristande for aktuelle nybyggarar som Ida Rønshaugen og Bent Bredeveien.

– Det er Sør-Fron vi har lyst til å flytte attende åt, og eg håper verkeleg det blir Sør-Fron for vi er veldig glade i denne plassen, avsluttar Ida Rønshaugen.

Når vi har populære tomter blir det også stor byggeaktivitet, seier Konrad Trettengen i Sør-Fron kommune. Nå legg kommunen snart ut attraktive tomter på Sofienberg. Foto: Bjørn Sletten