Der venta nemleg Pål Haugstad frå Gjensidigestiftinga, med ein sjekk på 400 000 kroner til Våla elvepark ved Ringebu Fåvang tur- og trimklubb.

Ein park for gode møte

Leiar Rolf Morken tok imot sjekken på vegne av klubben, og takka for gava.

Han forsikra at klubben også ville vera med å bidra til å realisere ein elvepark ved elvebredda og den eldste brua i landsbyen, slik dei har vore med på mange dugnadstimar langt .

Dragen fra kunstprosjektet Vegskille skal plasseres i elveparken, og målet til prosjektet Våla elv er ein park med aktivitet og ein stad der barn og vaksne kan møtast, sette seg ned og nyte elva, dragen som en kan klatre på, grille noen pølser på en grill/bålpanne og så bortetter.

Det var elevar frå fyrsteklasse som leda sangen i toget, og mange faklar var tent for å lyse opp i vintermørkret.

I følge kommunalsjef Britt Åse Høyesveen, som har vore leiar for kunstkomiteen, skal kunstverket Dragen opp i løpet av våren og sommaren. Resten av parken skal også realiserast i løpet av forsommaren, etter plana som låg ved søknaden til stiftinga.

Luciatoget gjek frå Tveits smie til området som skal bli Våla elvepark - der ei overrasking venta. Foto: Ringebu kommune/Britt Åse Høyesveen.