Landbruksminister Jon Georg Dale gjestar da garden Rudi på Kjønås, der Therese Rudi, odelsjente og kraftig engasjert leiar i Bonde- og småbrukarlaget i Ringebu og Fåvang, kjem ifrå.

– Eg har ikkje tenkt å grille han, tvert om har eg lyst til å vise han dei store moglegeitene som ligg i Gudbrandsdalen for å produsera meir god mat, dersom det er politisk vilje, seier ho.

Beste jobbenFramsnakkinga av landbruket blir derfor viktigare enn å grille Dale, sjølv om ho har tenkt å si ein ting eller to om korleis han må legge til rette, for at ein kan få ei utvikling av moglegheitene. ­– Dei to siste landbruksoppgjera har jo, enkelt forklart, fløtt mykje av tilskota mot dei store bruka, noko som slår dårleg ut for landbruket her i dalen, der ei overvekt av gardane er av mindre storleik, meiner ho. Dessutan vil ho at det skal vera nokon som synleggjer det positive ved landbruket. Rekruttering og moglegheitene for unge i landbruket er ei av hjertesakene hennar.

– For vi har jo verdas viktigaste jobb, seier ho.

Rudi var frampå med invitasjon, da ho som representant for Bonde- og småbrukarlaget fekk møte den nyutnemnde landbruksministeren rett etter nyttår, i eit møte om nettopp rekruttering. Han takka ja til invitasjonen, og tysdag neste veke tek odelsjenta imot ministeren på heimgarden på Kjønås.  Der får Dale ei omsyning på garden, med jord og dyr. 100 søyer, alle med eigne namn, får han helse på. Og han vil nok også få høyre ei og anna bestemt meining om rovdyr, i følge Rudi.

Jon Georg Dale kjem til Rudi for å få høyre kva som skal til for å auke matproduksjonen i Gudbrandsdalen, og kva som skal til for å rekruttere nye bønder, slik Therese Rudi ser det. Foto: Regjeringa